Fleiridrettslaget IL Norodd

Norodd e bæst

Bli medlem idag for å starte en ny reise

(090924)  Lerøyleikane - største arrangement til nå på Atlanten stadion!

Nokre av funksjonærane

Det var ikkje berre desse som var funksjonærar. Nokre var innleigd frå ander lag, men mestparten var frå IL Norodd

Utan mat og drikke .....

Det var eit stort kaldtbord der alle funksjonærane kunne komme opp og forsyne seg. Men størst pris så det ut til at vaflane fekk.

Avslutning/premieutdeling

Kretsane som deltok i Kristiansund: Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Beste Krets vart Sør-Tøndelag. Nr.2: Møre og Romsdal og nr.3: Nord-Trøndelag-

(060924)

Idrettsmerkeprøver. Tysdag 10. september blir det eit "oppsamlingsheat", både for dei som ikkje kunne møte førre gongen, og for nye som har lyst til å prøve. Ta idrettsmerket! Du er god nok til å klare krava til Idrettsmerket!

(040924)

Her ser du deltakarane på Kaffimøte for september. Ikkje så få hadde funne vegen til noroddlokalet i 3. etasje. Dette vitnar om at ferien er over og folk vil treffe gamle og nye medlemmar. Du vil finne meir om kva som skjedde på møtet her.

(180824) 

For mange er konkurransesesongen over. Men fortvil ikkje! Det kjem fleire, og då er det om å gjere å vere godt førebudd. Du må trene!!  Du kan få litt hjelp dersom du henter fram treningsprogrammet som du finn her.

(070824)

Nå er sommaren nesten over, vi er komne til august og det 8. møte er over. Opprinneleg skulle vi ikkje hatt møte verken i juli eller august, det skulle vere ferie. Men det har vist seg at mange er i byen likevel. Mykje av første del av møtet gjekk med til TV-titting på storskjerm. Det var nemleg kvalisisering på 5000 m i OL og der var det to nordmenn som vant kvart sitt hit. Bra var det etter fjaskoen på 1500 m i går. Elles på programmet var det diktframføring av Ola. Mange andre ting vart det og snakka om, men det får du lese om når referatet kjem om ikkje så lenge. Du vil finne det her.

(270724)

Er det sunt å trene Friidrett? Ja, det kan du få svar på dersom du leser dette innlegget som sprintlege Øyvind Kjerpeset har skreve i tidsskriftet Friidrett. Du finn han her.

(060724)

Sjølv med rekorddeltaking i dårleg ver, vart det berre det eine biletet tatt under tak som bart brukande. Men som du ser er det kiosken som har besøk, og det er jo bra i det kalde veret. til gjengjeld kan du finne heile resultatlista her.

(030724)

Dette er Kaffinøte i juli. Riktignok litt redusert oppmøte, men likevel eit bra møte. Tron orienterte frå NM i Stjørdal. Søknad om å få arrangere NM for veteranar i 2026 har styret vedteke å sende inn til Friidrettsforbundet. Referatet frå møtet finn du her.

(240624)

 Her er sølvmedaljøren Sander Aae Skotheim i mangekamp frå EM. Han var med i Atlanten Games i lengde og spyd med høvesvis 7,31 m og 59,16 som då førebels er banerekordar. 

(180624)

Sjølv om du ikkje skal til NM for veteranar i Stjørdal til helga, kan du godt fortsette å trene. Her får du god hjelp av eit program for sprintarar. Det skjer ting lokalt også. På laurdag er det Atlanten Games. Her kan du hjelpe til eller vere publikum.

(050624)

Sommaren står for døra, så dette er 6. Kaffimøte for i år. Vi vil også få til eit nytt møte både for juli og august. Vi var litt færre til stades, men nok mange til å få praten i gang. Mykje vart om eventuelt å arrangere NM for vetreranar i 2025. Heldigvis var stemninga negativ, for ingen av leiarane i Norodd har greie på kor stort eit slikt arrangement er! Vi får heller prøve å komme oss heilskinna gjennom Atlanten Games 22. juni. Du vil finne referatet frå møtet her.

(090524)

Dette er Kaffimøte nr. 5. Grunnen for at det ikkje er første onsdagen i månaden er 1. mai, men altså frigjeringsdagen 8. mai.  Hovudleiaren vår, Kurt, opna møtet og ynskjet oss velkomne til bords. Vi var nokre færre enn tidlegare, men til gjengjeld fekk vi betre tid til dei sakene vi hadde. Sidan siste Kafimøte hadde Gunnar gått bort - og Arvid sa nokre minneord med eit minutt stille. Tron var oppildna til å arrangere NM for veteranar i 2025 etter oppmoding frå Friidrettsforbundet som var tilstades ved Kommuneovertakinga av Atlanten stadion. Men dette er nok alt for tidleg for eit så stort arrangement!  Hovudprogrammet sto Arne for der han viste hjarte/lungeredning (30 trykk-2 innblåsingar) som Johan fekk vise. I tillegg demonstrerte Arne bruk av hjartestartar. Norodd har eigen startar som nå er registrert og heng ute i gangen i 3. etasje. Møtereferat finn du her.

(070524)  Offisiell opning av den nye Atlanten stadion!

I dag var den offisielle opninga av Atlanten stadion, med mykje fint folk til stades - frå utbyggar, Norsk tipping og Friidrettsforbundet. Norsk tipping syntes dei hadde fått mykje i gjenn for pengane dei hadde løyvt. Friidrettsforbundet var begeistra over det nye flotte anlegget, og oppmoda Norodd til å søkje om å få arrangere NM for veteranar neste år!  Ordføraren klippte snora, og dermed var bana offisielt opna. Første arrangement var 4x100 m stafett for politikarar. Så spanderte Kommunen kaffi, kake og bollar til alle frammøtte.

Seinare på dagen var det  Tinestafett for 27 lag berre frå byens barne- og ungdomsskoler. Sannsynleg fordi det er lenge sidan sist det vart arrangert Tinestafett i Kristiansund, har fleire kommunar no eigne arrangement.

(090424)

Tid går forferdeleg fort -  snart er det juni! Då er det NM for veteranar 21. - 23. juni, og det er i Stjørdal. Er du ein sprintar, kan du få god hjelp av treningsprogrammet du finn her.

(030424)

Oppmøtet på Kaffimøte 4 var større enn nokon gong før, og det er bra. Møtet var uten spesielt program, men det gjekk bra likevel. Ola som var toastmaster las eigne dikt som vanleg. Eit anna tema som vart tatt opp var Hjartestartaren som heng ute på gangen. Kven har ansvaret for han dersom han eventuelt må brukast. Det vil bli kurs i hjarte-lungeredning og korleis startaren skal brukast. Referat frå møtet  finn du her.

Nå er det påske 24, folkens

(210324)

Årsmøtet i Hovudlaget gjekk av stabelen på torsdag med stort oppmøte, ja så stort har del vel ikkje vore sidan krangelen mellom Norodd si svømmegruppe og KSLK. Dette var første årsmøte i det nye lokalet, så mange ville vel sjå korleis det ville gå. Og det gjekk bra, med over 40 frammøtte. Det vart servert blautkake og kaffe. Sjølve årsmøte gjekk veldig raskt. Det einaste var ei liten diskusjon om nedlegging av Orienteringsgruppa.  Fleirtalet stemte for nedlegging. Johan Aas gjekk av som leiar og i staden kom Kurt Eilertsen. Årsmeldinga finn du på Norodd si heimeside. Her er nokre bilete frå stinn brakke.

(050324)

Her er vi på Skreikveld i nye Noroddlokalet. Plassen var grei, men så var det berre 21 gjestar. Norodd har utstyr til å servere 70 personar, så då må nok plasseringa bli på ein annan måte. Maten som var skrei, lever og rogn smakte ypparleg. Det eg sakna er "salongen" i det gamle Noroddlokalet! Referat frå Skreien finn du her.

(150224)

Som du ser av annonsen er det ikkje lenge til Årleg møte/Årsmøte, så møt opp!

(070224)

Her kan du sjå nokre bilete frå Kaffimøte nr. 2 for februar 2024. Du kan også finn referatet frå møtet her.

(100124)

Hei, nå er vi gang i det nye året. 3. januar vart det første Kaffimøte halde. På førehand var kommiteen usikker på om ein ein skulle vente til februar på grunn av usikkerheit om mange nok var friske til å møte opp. Men det gjekk veldig bra, alle dei "vanlege" møtte opp. Tor viste gamle norodd-bilete, leiaren Johan orienterte om "ståa" i laget og Arne Stokke demonstrerte øvingar for aktive veteranar.. Fin/god var også serveringa!

(301223)

Nå er året 2023 over - slutt! Vel møtt i det nye  2024! Godt nytt år!


(071223)      Kaffimøte nr. 12

Nå er det jul igjen - det siste Julekaffimøte vart høgtidleg arrangert på onsdag. Med fint pynta bord (Det måtte det då bli med 4 kjøkkensjefar). Programmet var bra (men la det ikkje bli for mykje program!) Ola leia møtet med å deklamere eit dikt, Radomir hadde igjen ei orientering om Hoopit, og om FibGreen  dugnad som ein kan bestille for 200 kr. der pengane går til den gruppa du tilhøyrer. Tor og Ingard viste lysbilde frå ny og gammal tid. Neste kaffimøte blir 3. januar 2024. Referatet frå Kaffimøtet kan du finn her.

(201123)    Haustfest i Seniorlaget.

For første gong vart det arrangert Seniorfest i de nye lokalet 17. november, Etter resultatet å dømme var det ein vellukka fest, men deltakinga var kanskje i minste laget - berre 20 personar. Bileta du ser er tekne av Ann-Mari og Ola. Referatet frå festen kan du lese her.

(051123)         Julebord i Damegruppa.

Fredag 3. november arrangerte Damegrupp julebord med stor bravur. Det starta med vorspiel på Hjørnet og der etter vandring opp til Boteco-kjellaren, også på hjørnet. Det var stor deltaking der Arvid og Henry var inviterte i høve Idrettsmerke-arrangør. Som takk for dette fekk begge to kvar si fin gåve. Maten var anten Juletallerken eller Juletorsk. Her ser du nokre av deltakarane kose seg, både på Hjørnet og Boteco.

(011123)           Kaffimøte nr. 11

Ja, nå er det snart jul, og siste møte for i år blir 6. desember.. November-møtet såg ut til å treffe midt i blinken. 20 stykker til bords på ein vanleg onsdag er bra - og sannsynlegvis rekord i oppmøte. Forklaringa kunne nok komme av "programmet" 

Program denne gang:

            - Innledes med en kort presentasjon og samtale om "ny og noe strammere struktur".

            - Johan Aas: Nytt siden sist

            - Tron Kjønnø: Norodd-strekken - et lavterskeltilbud

            - Helge Kruse: Mimrestund.
Nokre bilete vil du finne her:

(131023)

Dette er første onsdagen i oktober, og vi har Kaffimøte nr. 10. Vanlegvis skulle vi berre ha hatt 8, men vi klarte oss gjennom heile sommaren med god margin. På grunn av problem med dataprogrammet, er ajourføringa litt forseinka.

(260923)

Hei. Store ting har skjedd - Norodd er blitt god! På laurdag vart Norodd beste 5-mannslag i Torvikbukt rundt. Dei som deltok var f.v: Fredrik Bru, Eivind Solvik, Are Fetveit, Andreas Slettbakk og Per Myren. Sjå heile resultatlista her. I tillegg til dei som sprang på tid har vi dei som ikkje sprang på tid. Det er Arvid, Henry, Hika og Helge.

(060923)

Tida går frå oss. Nå er Kaffimøte nr. 9 over.

Og ennå har vi ikkje slept til på stadion, vi måtte berre stå i vindauge og sjå ned på den ferdig banen! Men,men vi får ta ein dag om gongen så får vi nok trene på Nybanen om ikkje så lenge. I mellomtida kan du øve på det nye treningsprogrammet for september og oktober. Du finn det her. Du finn også referatet her

(170823)

Nå er også løpebanane i "kjellaren" oppmerka. Då er det berre å lese på døra og følgje desse reglane!

(140823)

Nye Atlanten stadion snart ferdig!

Hei. Her er nokre bilete som gjer dei største pesimistane  til skamme. Banen er mesta ferdig - berre nokre få oppmålinar står att. Og dersom du kan telle til 8 så ser du at det blir  8 banar heilt rundt!

(100823)

Nå er det like før nye Atlanten stadion er ferdig. Hurra!! Det som står att er oppmerking på banen. All raudmaling er ferdig og all plast som vi møysommeleg sette opp for nokra dagar sidan er fjerna. Får vi nå nokre tørre og varme dagar, skulle også oppmerkinga kunne gjerast. Då er det berre å snøre på seg piggsko/joggesko og sette i gong.

(050823)       Kaffimøte nr.  8

Ja, det var ikkje meininga, men det gjekk bra likevel. Knapt nokon gong har det vore fleire deltakarar på Kaffimøta våre. Denne onsdagen 2. august var vi 18 til bords, noko vi ikkje har vore på lenge. Interessa for å sjå korleis arbeidet på løpebanen går føre seg var kanskje ein av grunnane. Andre grunnar til oppmøte var at ansvarshavande for arbeidet på  Atlanten, Per Dagfinn Fagerli hadde sin siste arbeidsdag på anlegget. God feriestemning var det og! Her ser du dei frammøtte. Referat frå møtet finn du her 

(300723)          Aldri på ein søndag

Men på samme måte som bonden må berge tørrhøyet - må også Norodd hjelpe med å få banen ferdig mens det er fint ver. Her ser du nokre karar som driv på å sette opp plastduk slik at sprøytemalinga ikkje skal grise ut kantane rundt banen. I tilllegg eit glimt av innandørs løpebanen. Her er dugnadsgjengen!

(140723)

Det skjer på Atlanten.

Du som var pessimist og ikkje trudde det skulle bli nokon Atlanen stadion. Nå er dei i allfall i gang -  både ute og inne. Som du ser av bileta så har dei laga 2 prøve-firkantar av det dekket som skal bli. Stolmonteringa er også i gang, og sanneleg har dei også starta med dekkelegging innandørs!  BRA!

(050723)

Ja, ja. Det var ikkje planlagt og meininga at det skulle bli eit Kaffimøte i juli, men så var det så mykje restar etter Havmaraton på laurdag at vi måte bruke opp restane. Og alt gjekk bra sjølv om vi var 13 til bords! Nå blir det neppe møte før i september, men ein skal aldri sei aldri. Kanskje dukkar vi opp også i august. Så følg med..... Referatet frå møtet finn du her.

(030723)

Havmaraton 2023.

Eit nytt vellykka Havmaraton er i boks. I fjor ausregna det - i år var det steikande sol. Snakk om kontrast! I eit slik ver, måtte det bli eit vellykka arrangement - til og med merkene hadde fått lov til å stå i ro slik at det var lett å finne fram. Men løypa i seg sjøl var ikkje heilt lett å forsere i det kuperte terrenget. Deltakinga var god 274 deltakarar i smått og stort. Neppe andre arrangørar kan reklamere med badstu etter løpet!

(270623)           NM for veteranar på Modum 23. - 25. juni.

Ja, nå er NM-en over og alle noroddarar kom heim lykkelege og glade, for alle fekk medalje. Dei som var med var Henry Opland (mv85-89) på 100 m, 200 m, høgde, lengde og tresteg. Hika Kazinic (mv75-79) på spyd. Tron Ivar Kjønnø (mv65-69) på 200 m, 400 m og 800 m. Tilsaman fekk vi med oss 1 sølv og 5 bronse.

(180623)             Frivilligheitens dag i Folkeparken

Søndag var det stormønstring i Folkeparken der alle idrettslag og organisasjonar kunne vise seg fram - og vise kva dei driv med. Norodd var også med og viste noko av kva dei driv med.

(070723)               Kaffimøte nr. 6 og Ope hus

Det var "Stinn brakke" då Norodd hadde ope hus for kven som helst som ville sjå Nye Norodd sine fasilitetar

(080623)

Ja, det er ikkje berre dei som skal til NM veteranar på Modum 23.-25.juni som treng å trene. Her får også DU ein sjanse til å komme i betre form. Trykk her så finn du programmet.

(040623)

Naboar: Kongen på haugen

(300523)

Siste helsing til Øyvind Wæraas (1939-2023)

.

(140523)         17. mai

Om ikkje mange dagane er det 17. mai. Då må alle noroddarar - store som små vere med å gå i Borgartoget. Det er oppstilling i Bendixensgate kl. 15.45. Men før den tid skal Norodd arrangere Skolestafett for 4. til 7. klassetrinn, og det er kl. 14.40. Plassen i toget er nr. 11 - mellom Karateklubben og Fjellklubben.

(030523)

Nå er det gjort! Norodd arrangerte det første Kaffimøte i nye noroddlokalet på Atlanten stadion. Og det så ut til at det freista, for så stort frammøte (19 stk.) er det lenge sidan vi har hatt . Det lovar godt!  Både Helge Kruse og Johan Aas hadde innlegg på møtet. Helge laga ei oppsummering av starten av Norodd til i dag, medan Johan orienterte om den nye tida som startar nå med dei fine lokala vi har fått. For dei som ikkje hadde vore der før, var det omvising i dei nye treningslokala. Treng du eit lokale for å arrangere ein konfirmasjon eller ein 50-årsdag er desse lokala midt i blinken. Er du noroddmedlem og har ein "app", kan du trene etter at VGS er ferdig for dagen eller har fri, eller når det er helg. Mulegheitene er store. Kva med ei varm badstue etter at du er ferdig med ei hardtrening - ute eller inne? Som de ser er ikkje alt på plass ennå, men det blir, det blir!  Referat frå møtet, skreve av Ola, finn du her.

(290423)

Hei, det er mai! Gratulerar.

(240423)

Framleis er det dugnad på HUSET. Her ser du det som skal bli "Spinneriet". Det er berre "ulla" som manglar!

(200423)

 Dette er reklame for Noroddarkivet!

(170423)            

 Dette er reklame!   For Atlanten Games 30.06.2023.

(140423)

Det er stor aktivitet i nye Noroddlokalet for å få det ferdig fortast mogleg. Kvelden 12.april var det full rulle, med pizza som avslutning. Nokre av deltakarane ser du her:

(050423)

I dag haddi vi "Gravøl" for Kaffimøta då det var siste gong vi var i Norodd/Braatt.lokalet - truleg! Neste Kaffimøte er 3. mai og då vil sannsynlegvis dei nye lokala på Atlanten vere ferdige til bruk. Det vil bli sin stor overgang.

(040423)

Nå har det skjedd noko med nybygget vårt på Atlanten stadion. Framsida har fått montert skiltet: Sparebanken Møre. Innandørs er arbeidet i full sving med å montere ymse ting. Onsdag etter Påske blir det dugnad med å montere utstyr og vaske koppar! Om alt går etter planen blir det første Kaffimøtet  "i nyare tid" på Atlanten i nylokala onsdag 3. mai! Ikkje gløym å trene! Her får du treningsprogran for april og mai.

(010423)

Hovudlaget har hatt sitt sist Årsmøte i gamle noroddlokalene! Det var den 29. mars. Der vart det lagt fram Årsmelding, og vald nytt styre. Under kan du sjå deltakarane frå det gamle styre, samt nokre av dei medlemmane som hadde møtt opp.

(270323)

Er du ukjent her i byen kan du bruke kartet du ser under for å finne Atlanten stadion og det nye klubbhuset til IL Norodd.

(150323)

Friidrettsgruppa har hatt sitt årlege møte, og vald dette styret. Under ser du det gamle styret. Vil du lese den årlege rapporten for 2022 så finn du han her.

(100323)

Skreikvelden med Årsmøte er over for denne gongen. Ein skreikveld er ein skreikveld der det både er lever og rogn attåt skreien. Og denne gongen var det rikeleg av skrei, lever og rogn. Bra!!  Etterpå var det kaffi og kaker - og sjølvsagt loddsal.  Det nye styret besår no av: Ronny Myrset, Ola M. Hilstad, Tor Larsen og Henry Opland. Styret konstituerer seg sjølv.

(100323)

Hei. Nå har det skjedd noko nytt på Atlanten på utsida. Det er komme opp skilt som viser NORODD, og eit anna med Atlanten Stadion. Då manglar det berre skiltet til Sparebanken Møre. Ikkje gløym å trene! Her får du treningsprogram for
april og mai

(060323)

Idrettsmerkeprøver 2022

Her ser du alle som tok idrettsmerket i 2022.

Veteranserien

Dette klarte deltakarane i Friidrettsgruppa i 2022. Resultatet er så godt at Friidrettsgruppa hoppar opp til 1. disjonen og skal "ete kirsebær" med dei store i 2023!

(020423)

Hei igjen. Dagane går fort, nå er det alt blitt mars. Og fordi første onsdag i månaden var den første mars har vi derfor arrangert Kaffimøtet vårt nr. 3 for i år, og det kan kanskje bli lenge før neste møte. Det er fordi første onsdag i april er i "den stille uke", og då er det ikkje sikkert at det er så mang att i byen. Men derfor har eg eit genialt forslag: vi arrangerar eit "prøvemøte" i vårt nye lokale på Atlanten stadion, om det då vert ferdig til då. Møtet 1. mars vart særs innhaldsrikt. Vi hadde fått leiaren i Norodd, Johan Aas, til å fortelle om arbeidet med lokalene, og innkjøp av utstyr med stor rabatt. Kvar krone lel!! Frammøtet var omtrent som vanleg, så det er plass til mange "nye" medlemar! Bilete av deltakarane ser du under.  Her er Referatet frå Ingard.

(140223)

Det første NM for veteranar er over, men det kjem fleire. Om ikkje så lenge kjem NM veterana utandørs (23. - 25. juni) på Modum, så det er berre å trene vidare. Derfor får du eit nytt Treningsprogram for februar og mars. Klikk her.

020223

Hei igjen. Trur du sanneleg at det er blitt ein ny månad - februar - og første onsdagen er sanneleg den 1. Oppmøtet var kanskje det største på lang tid så det er håp om at Kaffimøta kan halde fram. Ennå vil det nok gå  tre Kaffimøtar til før vi kan flytte inn i nye lokalar på Atlanten sadion. Men då skal det bli stas. Referatet ser du her.

(060123)

No er vi i gang igjen. Første Kaffimøte i 2023 vart halde 4. januar. Mestparten av møtet handla om Arvid Fjærlis bragder på friidrettsbanen. Men nok en gong vart det tid til ny orientering frå arbeidet på det nye Noroddlokalet på Atlanten stadion. Servering av kaffi og vaflar vart det og. Det blir dugnad på rydding av Noroddhuset onsdag 11. januar kl. 18.00.  Her ser du referatet.

(020123)                                                                          Godt nytt år!

Sanneleg få fort tida går, nå står eit nytt år klart til bruk til det du vil. Det er snart onsdag for første gong i januar og den 4. blir det nytt Kaffimøte, det første i år 2023. Ingard har laga invitasjon som du finn her.

(151222)

Ekstraordinært Årsmøte i IL Norodd. Sak 1. Ta opp lån til vidare utbygging av "nye" Noroddlokalet på tribunetaket på Nye Atlanten stadion. Grunn til opptak av nytt lån er dels meirkosnadar på utstyr, dels oppgradering av div. ting inne i huset. Ferdigstillinga vil med god margin vere 1. april. Til høgre ser du Styret i IL Norodd.  F.v. rundt bordet: Ole Birger Ulseth, Helge Kruse, Hilde Haugen, Ronny Myrseth, Ola Hilstad, Astri Sjåvik og Johan Aas.  Nedafor, deltakarane på årsmøtet.

(71222)

Dette var 8. og siste Kaffimøte for i år, men det er von om fleire på nyåret. Men snart må vi ut av vårt kjære Noroddlokale! Opprinneleg skulle ny-lokalet på Atlanten vere ferdig til 1. april, men rykte går om at det blir forseinka! Inntil vidare får vi feire Jul. Oppmøta på Kaffimøta våres har stabilesert seg på 12-13 stykker. Her er referatet.

(131122)

Gutta var på tur søndag og gjekk frå Ørnvika til Prestmyra - ei strekning på omlag 7,33 km. På "utsikten" hadde vi ein lang pause med kaffi og fyrstekake som Arvid hadde med seg. Det smakte godt, og med tende lys, var det reine julestemning! Det var ikkje heilt utan regn, men det meste av regnet kom etter at vi var komne i hus. Og bra var det. Her ser du løypa og bilete av Guttaboys.

(051122)

Her ser du Seniorfesten saltkjøtt og stappe 4. november, sett gjennom kameralinsa.

(021122)

Det er blitt november den første onsdagen  - derfor Kaffimøte og det 7. for i år. Sjølv om vi var få så heldt Ann-Mari ein fin tale til Ingjerd som for nokre dagar sidan fylte 70 år. Ingjerd har vore med i Friidrettsgruppa lenge som trenar, sekretær og mange andre ting.

(011122)

I kveld var vi på omvising i det som skal bli det nye Noroddhuset- bileta talar for seg sjølv korleis det blir.

(301022)

Noroddhuset per 301022

Det er kanskje ikkje så store endringarar utvendig bortsett frå at gjerde rundt banen held på å komme på plass, og taket er kommet på. Men på tysdag kl. 17.00 blir alle inviterte til å møte opp for å sjå og høyre korleis det ligg an med framdrifta. Så møt opp på Atlanten stadion for å høyre/sjå på Noroddhuset.

(231022)

Nå er Noroddhuset under tak, men det vil likevel ta tid før vi kan flytte inn. All innreidninga må først gjerast og inventar og utstyr må kjøpast inn. Til påske 2023 kanskje ?

(201022)

Hei. Nå ligg nytt treningsprogram som går heilt til slutten av januar. Du finn det her.

(161022)

Det er haust og då pleiar vi å start innetrening. Det blir i Nordvesthall 1 på tysdagar kl. 19.30 og torsdagar kl. 19.00. På laurdagar er det på Fosna Frisk (Oddbjørn) frå kl. 13.00 til kl. 15.00. Den første timen er vi ute. Dette er først og fremst mynta på senior og veteranar. Den første styrkeprøven blir NM veteranar i Stangehallen (utafor Hamar) 28.-29. januar 2023. 

(161022)

Atlanten den nye per i dag 16. oktober ser sånn ut. Bygginga av tribunen er ferdig, og bygginga av Noroddlokalet er komme eit godt stykke på veg. Men løpebanane har tatt pause og sett på vent til våren(sommaren) då det trengs fint opphaldsver fleire dagar i strekk.

(061022)

Det sjette Kaffimøte for i år var i går! Trur ikkje folk flest veit kor kjekt det er på møta våre, for vi var berre 10 frammøtte. Hyggeleg hadde vi det og, men kanskje det hadde vore endå hyggelegare om fleire hadde møtt. Referatet frå Ola finn du her.

(280922)  Nå har du inga unnskyldning for å reise til Island!

Tenk om  -- bade i den Blå Lagune. Det er det store muligheite for at du kan dersom du blir med på Nordisk Veteranmeisterskap i Reykjavik 24.-26. februar 2023. Nå er det tid til å tenkje, skal skal ikkje. Sjølve invitasjonen er ennå ikkje komen, men kjem snart. Ein annan viktig dato er NM veteranar ute på bane på Modum 23. - 25. juni. Sist vi var der overnatta vi ved foten av hoppbakken i Vikersund! Her ser du deltakarane sist vi var på Island i 2008. Om du vil kan du lese resultatlista frå 2008 her. Start treninga nå!!!

(270922)

Harald vart bisett torsdag 29. september i Kirklandet kapell. Her ser du kransen frå Norodd. På kransen sto det: "Ei siste helsing frå idrettskameratane i Norodd"

(240922)

Harald Søbstad  er død, vel 90 år gammel. Harald døde 21.september. Han var Europameister, og over 100 gonger noregsmeister. Europameister i 10-kamp og i høgde i 80-84 klassen i Tyskland (16-17.08.12). Sitt 100-rade gulle i 85-89 klassen i Knarvik (23.06.17).

(160922)  Her kjem fleire bilete som viser framgangen med Atlanten stadion, teke 16. september. Som du ser så er løpebanen asfaltert og dei ulike araenaene for kule og diskos/slegge på nordsida, mens vi finn stav og høgde på sørsida.

Stav og høgdearena.

Tribune med klubbhus, og arena for lengde/tresteg.

Kule, diskos/slegg og vassgrava.

(090922)

Det skjer mykje og raskt på Atlanten stadion, berre sjå på dei tidlegare bileta!

(080922)

Endeleg er vi i gang med Kaffimøta våre etter ein lang, men våt sommarferie. Dette er møte nr. 5 for i år. Mange ting vart diskutert på møtet, og snart vil du finne referatet her. Johan J. Aas fortalde grundig om framveksten av Atlanten stadion og klubbhuset vårt, der vi kan flytte inn til påske. Men banen kan vi sannsynlegvis ta i bruk i haust! Det gler vi oss til, med to oppvarma løpebanar som kan brukast heile året.

(050922)

I morgon er det IDRETTSMERKE-prøvetaking på Straumsnes stadion med start kl. 17.00. Det er enklare enn du trur, så møt opp!

(030922)

Er det mulig ?!!!!!!! Etter det som står i TK skal ei kunne springe på den Nye Atlanten i haust så om det blir snø
har det ikkje noko å seie, fordi dei to ytste banane er oppvarma og snyen vil då smelte! Men klubbhuset blir berre ferdig utvendig i haust. Vi må vente til påske før vi kan flytte inn. Klarer ein dette tidsskjema så vil kanskje
Atlanten bli ferdig før Averøy sin bane. Det er altså ikkje berre Kristiansund som har hatt problem med bygging,
Averøy har store problem nå.

(020922)

Endeleg vart det september og vi gler oss til ein ny sesong med Kaffimøtar. Det første er alt på onsdag 7. kl. 11.30 så det er berre å krysse av for denne dagen! Referat frå siste kaffimote finn du her. Innbyding til det nye møte er her.

(310822)

Nå går det fort for seg på Nye Atlanten stadion. Her kan du sjå tribunen med Noroddhuset oppå. Likeeins ser vi til venstre legging av varmekablar i dei to ytste banane. Hoppgropene har også dukka opp midt på langsida og på innsida av løpebanane (som det blir 8 stk. av).

(280822)

Ei påminning:  14. august i år var det 10 år sidan Noroddløypa vart opna. Her ser du Oddbjørn Lomundal som offisielt opnar løypa.

(240822)

Hei. Nå er eit nytt treningsprogram klart. Du finn det her. Fram til ny sesong startar 1. november er det ei roleg trening!

(230822)

NM i Tromsø

Nå er alle tre deltakarane vel tilbake i Kristiansund med sine medaljar. Dei tre var: Arvid Fjærli MV90-94, Tron Ivar Kjønnø MV65-69 og Bernt Egil Solvik MV60-64. Til saman kom dei heim med 6 gull, 2 sølv og 2 bronse. Resultata og kven som fekk medaljane finn du her.

(120622)

Terminliste for Møre og Romsdal Friidrettskrets kan du lese her.

(020722)

Det var nok for seint å sette potet, viser det seg, for nå er heile Nye Atlanten blitt grøn av nylagt gras. Og då spelar det inga stor rolle om det regnar, kanskje det berre er bra for graset. Men det vil ta ei tid før tartandekket blir lagt.

(020722)

Det første Havmaraton i Kristiansund, med IL Norodd som arrangør er vel i hamn. Arrangementet har gått bra, med  over 200 deltakarar - som kanskje var i overkant  forventa. Berre så synd at veret ikkje spela på lag. Regnet så like vel ikkje ut for å ha lagt nokon dempar på arrangementet. Når du først er komen i gang med løpet, så spelar litt regn ikkje så stor rolle. -- Og etter på var det fest! 

Løpsleiar

Sekretæriat


Leiar Friidrettsgruppa

(260622)  Det er kanskje i seinaste laget med å sette potet, men med jord frå Danmark og ein lang/sein haust skulle det late seg gjere. I alle fall, lukke til.  Dette er altså  Nye Atlanten stadion per 25. juni 2022 kl. 15.30. Som de ser så er det litt igjen før banen er ferdig, men det er bra framgang. Jfr. bileta  (040719), (200419) og (201218). Fleire bilete finn du her.

  1. (060622) Nå er det klart for å melde seg på, og bestille overnatting til NM i Tromsø 19. - 21. August. Her ser du stadion og opplysning om påmelding og overnatting.


  1. (010622) 1 - 2 - 3 og med den fjerde skal det skje. Kaffimøta for i vår er over. Men vi kjem sterkt tilbake 7.
    september. Fordi om Kaffimøte-sesongen er over, så er det ikkje stille i Norodd. Søndag 12. Juni er det full rulle i Folkeparken. På Stormyra blir det folkefest for alle, med stands og aktiviteter frå lag og foreiningar i byen. Dessutan skal Norodd friidrett arrangere Havmaraton laurdag 2. Juli - med utgangspunkt av Kulturfabrikken (i Vågen). Med andre ord, det er stor aktivitet i Laget, og du har store sjansar for å hjelpe til. Her er bilete frå Kaffimøte 4.  Referat frå Kaffimøtet finn du her.



  1. (230522) Om sommaren snart er her, så kan ein likevel ikkje ta fri frå treninga - for hugs NM i Tromsø 19. - 21. august. Derfor du vil finne eit treningsprigram  her for sprint.

(18050522)  Mjau. 17. mai er over, og bra er det - for kortare Norodd-borgartog er lenge sidan. Kor var alle noroddarane, spesielt Friidrettsgruppa?

  1. (130522) Hipp, Hipp, Hurra! Snart er det 17. mai og alle Noroddarar skal stille i Borgartoget med oppmøte i Bendixensgate seinast kl. 15.45. Norodd har "startnummer" 30, like bak Musikkorpset Tempo. Men før det har Norodd ansvaret for Skolestafetten på Kongens Plass.  Her er starten på stafetten kl. 14.40. Her kan du vere med å kjelpe til om du har tid. La det gå sport idet, og vis dugnadsånd og samarbeidsvilje.

(060522) Nei, så fort tida går! Det er alt mai, og det 3. Kaffimøte er i boks. Kva som skjedde der kan du lese her. Og deltakarane ser du her:

  1.  (120422) Heimturen frå NM i Grimstad

(100422)  Hei, det er PÅSKE.  Slapp av!

  1. (080422)  Du må ikkje tru at du kan "flyte" på gammal trening fram til NM i Tromsø 19. - 21. august. Så derfor finn du eit nytt treningsprogram her.

  1. (070422)  Kaffimøte nr. 2 for 2022 vart arrangert i går. Det som skjedde på møtet kan du lese her. Deltakarane ser du til høgre >

  1. (260122)  Dette var jula 2021!  Nå er det tid for eit nytt år, og det er allereie godt i gang. Men om det blir eit godt år, er det ingen som kan spå. Han Koronus  herjar framleis, og han må vi nok lære oss å leve med. Men mist ikkje motet! Vi trenar fram mot NM veteranar i Grimstad helga 26./27. mars. Hjelp til sprinttrening vil du finne her. Vi trenar i Nordvesthall 1 på tysdag og torsdag kl. 1900. På laurdagar er vi på FosnaFrisk (Oddbjørn)  frå kl. 1300 ute og kl. 1400 inne med styrketrening.  Her er to av dei som satsar på NM.

  1. (161020)  Hei. Det kanskje nokon som kan tenkje seg å trene friidrett (sprint) i/hos Norodd. Her kan du finne TRENINGSPROGRAM, og her kan du finne kor du kan trene.

(081020)  Ja, det vart altså ingen Kaffimøte i går, det får han Koronus ta på si kappe. Men det kjem fleire onsdagar, så kanskje før du veit det får du innbyding til neste møte. Pass på deg og dei du er i nærleiken   av  så sjåast vi snart!

(020920)  Hei. Nå er det på'an igjen. Ein lang og fin sommar er snart over, og dermed har vi vår 5. Kaffi-koronamøte.


 Frammøtet er ganske stabilt og stortsett gjengangarar. Her har vi: Per Dagfinn, Arvid, Frode, Ingjerd, Øyvind,  Ingard, Kirsti, Wenche, Ola, Marit, Sverre, Hika, Ivar, Arnt + Helge som snarast var innom og (Henry). Gjenngangar.temaet vat Nye Atlanten stadion og fortgang med utbygginga. Nå er ferdigstillinga først i slutten av 2021. Fleire bilete finn du her.

(060620) Nytt Kaffimøte - det siste på denne sida av sommaren - 3. juni. I desse koronatider drista vi oss på ei ny samling - og det såg ut til å passe 17 stk. Alle (minus 1) kan du sjå her.




Referat frå møtet kan du finne her, og nokre leire bilet kan du sjå her

  1. (200520)  Leiarskifte i IL Norodd.
  2. På det digitale Årsmøtet 29.04.2020 fekk vi ny leiar i Laget. Oddbjørn Lomundal (68) takka av etter 11 år som leiar i IL Norodd. Ny leiar vart Averøyingen Per Dagfinn Fagerli (69). Elles er desse med i styret: Helge Kruse, linda R. Knudsen, Henry Opland og Hilde Haugen. Vara: Ola M.Hilstad og Ann Jorunn G. Sagli. 
  3. Biletet viser klubbeoverrekking på 1. styremøte 18.05.20.

(300320) Nå er det ikkje lenge til Påske - så god Påske

 (160320)  Nå er det alvor!

  1.  (060320)  Skreikvelden kombinert med årsmøte i Seniorlaget er over for denne gongen. Ulikt mange andre Skreikveldar var det denne gongen  ypparleg mat (Levert frå Quality Hotel Grand). Det einaste som ikkje var bra det var oppmøtet, berre 18, og det er plass  til det dobbelte.  Årsmøtet gjekk greit unna og Jonny Myrset held fram eit år til. Den einaste endringa var kasseraren Geir Aakvik som vart bytta med Tor Larsen. Her ser du alle deltakarane. Fleire bilete finn du her.

  1.  (050320)  Sanneleg er det blitt ein ny månad og dermed også ny Kaffimøte, nr. 3 i 2020. Det var eit godt oppmøte, om lag like stort som siste gong.  Her ser du: Gunnar, Harald, Arvid, Helge, Tron, Ann-Mari, Sonja, Øyvind, Ingard, Marit Ivar, Ingjerd, Ola, Tor, Wenche, Sverre og (Henry). Du kan sjå fleire bilete her. Referatet frå møtet finn du her.

  (020320)  NM Veteranar i Bergen 29.02 - 01.03.  Fleire bilet ser du her:

(090220)  Kaffimøte nr. 2 - 050220. Det "største" oppmøtet på noko Kaffimøte - 19 stk.  Kva som gjekk føre seg kan du lese i Referatet frå Ingard som du finn her.

Som med Ketshupflaska: først kjem det lite - så kjem  alle. Frå venstre ser du: Gunnar, Kjell (frå Bergen), Frode, Ola, Ivar, Helge, Marit, Wenche, Ingard, Kirsti,  (Benedikte), Sonja, Øyvind,  Tor, Ingjerd, Ann-Mari, Sverre, Harald og (Henry). Fleire bilet kan du finne her.

  1. (190120)

(150120)  Årsmøte/årlege møtetider 2020.

(110120)  Nytt år med nye kaffimøtar. Her er det første, med  god deltaking. 14 personar av alle kjønn: Hika, Arvid, Ivar, Kirsti, Ingard, Wenche, Tron, Helge, Marit, Ingjerd, Arnt, Sverre, Tor og (Henry).  Her vil du finne nokre fleire bilete. Ingard har skreve referat, og det kan du lese her.

(311219)  Då er det berre å sette i gang kronerulling slik at vi kan få fullført anlegget. Heia Norodd!

  1. (041219)  Årets siste Kaffimøte, nr. 12 i rekka. Oppmøtet kunne/burde ha vore betre - berre 11 personar fann det for godt å møte opp. Det er for dårleg!!  "Programmet" var om korleis ein skal få Norodd til å vokse - spesielt Friidrettsgruppa. Sykkelgruppa ser ut til å ha funne tonen med mykje fellestrening for sine medlemmer på Treningssenteret. Huset har fått seg ei fin oppvaskmaskin, og det var på tide. Bilde av oppvaskmaskina og nokre fleire bilet finn du her.  Her ser du to kjekke damer og så'n Arnt.

  1. (061119)  Kaffimøte nr. 11 vart halde i dag kl. 11.30 i Noroddlokalet.  Det var rekord i frammøte - heile 15 personar. Og desse var, frå venstre og rundt bordet: Jan Frode, Ann-Mari, Tron, Arvid, Geir, Ingjerd, Ivar, Helge, Kirsti, Ingard, Øyvind, Arnt, Marit, Tor og (Henry). Det var referat frå Jubileumsfesten (Norodd 90 år) og Idrettskretsens sine 100-års feiring. Kirsti (Ingard) Spanderte kake. Vil du sjå fleire bilete kan du trykke her.

(041119)  Atlanten stadion. Det er ei stund til banen er ferdig!


(271019)  IL Norodd vart feira med Jubileumsfest som 90-åring 26. oktober på Quality Hotel Grand. Omlag  90personar hadde funne sin plass. Det var underhaldning med musikk frå Operaen, tale og song. Det var også laga biletframsyning/video på storskjerm. Jubileumskomiteen besto v Jan Helmersen, Ann Jorunn Sagli, Helge Kruse og Oddbjørn Lomundal. Borda var pent pynta som dette biletet synar. Fleire bilete finn du her.

  1. (251019)

  1. (101019)  Nye treningstider her og nytt treningsprogram for sprint for ny sesong fin du her
  2. (071019)  Torvikbukt Rundt 2019 vart arrangert 28.09.19. Her er resultatlista-

Frå Norodd var desse med i aktivklassen på tid:  Einar Engvig, Ketil Gils, Geir Opaas, Anders Tøsse og Helge Råket.
I tillegg utan tid: Hika, Marit, Ivar, Kjell, Arvid og Henry

(071019)           Nye treningstider for haust og vinter. Sjå "Treningstider" ovafor!
(051019)           Jubileumsfesten.  IL Norodd 90 år.

  1. (031019)  Hei å hå, vi gir oss ikkje så lett, kaffimøte 10 er ein saga blott. Om ikkje heile Norodd var der, så var det i all fall 11 personar som hadde funne fram til Lokalet kl. 11.30. Desse var: Sverre O, Ingjerd S, Ola H, Arnt E, Tor LF, Ann Mari H, Helge K, og (Henry O). 90-årsfesten blir på Grand 26. oktober kl. 18.00. Hugs påmelding innan 20. oktober. Innbydinga blir sendt ut på e-post og SMS for dei som ikkje har e-post.

 

(140919)  Norodd er snart 90 år. I det høve har vi fått laga ein JUBILEUMS-penn som kan bli din dersom du er/blir medlem i Norodd.

  1. (040919)  NÅ er vii gang att. Kaffimøte nr. 9 for i år. Med eit oppmøte på 17 stk. frå både sykkel, svømming og friidrett. Programmet var variert: Orientering om Nye Atlanten stadion med klubbhus, Freikollen Opp 21. september, Om korleis vi kan bli større - få fleire medlemmar. Men det var også mykje fri prat. Wenche Ohr spanderte både kringle og sjokoladekake.  Nokre bilete frå seansen ser du her.

  1. Dei som var tilstades:  Gunnar, Jan Frode, Geri, Sverre, Ivar, Ingard, Kirsti, Marit, Ola, Wenche, tron, Arnt, Øyvind, Ole Birger, Harald, Ingjerd og (Henry).

(260819)    Flemstubben for 40. gong søndag 26.08.2019.  Frå Norodd deltok Geir Opaas, klasse M65-69 og Helge Råket, klasse M70-74. I turklassen med tid: Christian Vikhammermo.  I tillegg utan tid: Arvid Fjærli, Henry Opland og Kjell Smevåg. Heile resultatlista finn du her. Her ser du to av deltakarane.
(020819)  Til Ungdommen! Men kor er dei (kl. 11.15) ?

  Byen oss sett frå "gamle" Kristiansunds høgste punkt, Kvrnberget på 205 moh.

(040719)  Det er mykje rør for tida på Nye Atlanten stadion, men arbeidet held fram, og i slutten av 2020 skal alt vere på stell. Her er nokre bilete som viser korleis det ser ut nå. Jamfør bilete (200419) og (201218)

  1. (230619)  Hei Hå. Nå er skolen slutt og dermed er det også slutt på garderoben o Idrettshallen. Men ingen sure sokkar for det - alle har vel dusj privat, og vi held fram med treninga utover sommaren på tysdagar og torsdagar kl. 18.00. Då møtast vi utafor Skøytehallen. Laurdagstreninga  på FosnaFrisk (Oddbjørn) har også tatt sommarferie. Då møtast vi kl. 13.00 - også det utafor Skøytehallen. For dei som då går glipp av styrketreninga, så er det nå så mange apparatar i Folkeparken at det går fint å trene styrke der. 
  2. (050619)  Teikn tydar på at det nærmar seg sommar(ferie), for i dag var siste Kaffimøte (nr.8) før sommarferien. Neste møte blir 4. september. På biletet ser vi Tron og Helge som orienterte om Nye Atlanten stadion og kommunens veike økonomi. Ingard Warvik var "sjef" og styrte samkoma. Eit meir strukturert møte er ønskeleg, men det må ikkje bli eit nytt "styremøte". I alt var vi 12 personar. GOD SOMMAR!

  1. (310519)   Sommaren er ei fin tid  å trene på. Her får
    du hjelp til å trene sprint. 
  2. (180519) Det nye banneret til Norodd og "den gamle" Helge Kruse som er klar for Skolestafetten!  Norodd hadde også open Kaffè i lokalet.  Og der var det mange som var med i Borgartoget - med fane, flagg og banner. Takk til alle dokk! 

(160519)  I morgon er det 17. mai - Hurra! Kom og gå i Borgartoget under Norodd - plass nr. 8, etter IL Nordlandet.

(080519)

Det er mai og vi feirar frigjeringsdagen, men også det 7. Kaffimøte. Om det er orsaka til det dårlege oppmøte e ikkje lett å seie, men iallfall var desse til stades: Ingjerd, Tor, Marit, Ivar, Helge, Wenche, Ola og (Henry). Temaet denne dagen var som vanleg Fødeavdelinga og Atlanten stadion. Men også skolestafetten på 17. mai som Norodd har ansvaret for, vart drøfta. Norodd fyllar 90 år i år, og då var det naturleg at det blir drøfta korleis dette skal feirast. Gruppa vedtok å blåse støv av Noroddposten som kom ut for nokre 10-år sidan. Her ifrå kan ein "klippe" ut historiar frå gamle dagar - og legge til nye. Helge, Arnt og Henry sa seg villig til å vere med i ein komitè som skal sy saman ein ny jubileums Noroddpost. Oppfordring: Møt opp i Borgartoget 17. mai og då helst i norodd-drakt.

(200419)

Her er den nye Atlanten stadion, men det er ei stund til han er ferdig til bruk. Kanskje på slutten av 2020!

(150419)

God påske til alle dykk!

(100419)

Styret i Hovudlaget for 2019. Årsmøte 27. mars 

(040419)

STORT folkemøte i lite auditorium i Braatthallen 04.04.2019. Talarane var stortingsrepresentantane Geir Inge Lie, Kjersti toppe og Per Olaf Lundteigen.  Dei hadde tidlegare på dagen vore i Aure og på sjukehuset i Kristiansund.

(030419)

Det er første onsdagen i april, og då var det eit nytt Kaffimøte - det 6. i rekka. På møtet var det i tillegg til kaffi og kaker, orientering om korleis Friidrettsgruppa hadde oppretta undergrupper til å ta seg av økonomi, arrangement og trening. Ann-Mari orienterte om rokkering i gruppene 1, 2, 3 og 4. Det var litt mindre oppmøte denne gongen som biletet viser. Ingjerd, Marit, (Henry), Helge, Ivar, Ingard, Ann-Mari, Sverre, Geir, Arnt, Ola og Tron. 

(220319)

Her er resultatet av valet for 2019 på Friidrettsgruppa sitt årlege møte 13.03.2019:

(180319)

Grasrotandel, kva er det? Les denne plakaten! Vi treng din støtte!

(060319)

Kaffimøte nr. 5

(220219)

Nå er Skreikvelden i regi av Seniorguppa ein saga blott. Men minne om dårleg skrei med lever og rogn vil leve lenge. For dei som har levd ei stund og har greie på kvalitet, vart skuffa (vonbrotne). Det er sikkert på denne måten ein skal gjere det for å få færre til å delta. Høyrde dei som sa at dette ville dei ikkje vere med på! Men kaffien og andre drikker var vertfall gode. Her er eit bilete av sjefsloddseljaren Hika, og fleire bilete finn du her.   

(200219)

Hei. det lakkar mot Årsmøtetider. Her har vi eit styremøte i Hovudlaget før årsmøtet 27. mars. F.v. Paul Hole (triatlon), Oddbjørn Lomundal (Hovudlaget), Ola Hilstad, Hilde Haugen, Linda R. Knudsen, Johan Aronsen (svømmegruppa), Ole Birger Ulseth (friidrett), Jonas Holten, Tron Kjønnø, Ann Jorunn Sagli, Trond Erik Wollan (sykkel) og Helge Kruse.

(060219)

Kaffimøte nr. 4

(270119)

Ei påminning.

(150119)      Kaffimøte 3 - 09.01.2019

En hyggelig sosial samling med et par mer formell karakter som følger.* Ann-Mari orienterte om og motiverte til størst mulig deltakelse til en planlagt offensiv for å fornye og få utdannet flere dommere.
* Ingard orienterte om at strategigruppa har satt opp et involveringsmøte i lokalet mandag 28.01 kl. 18.00. Det er viktig at flest mulig møter.
NESTE kaffemøte: Onsdag 6. februar kl. 11.30.
Krs. 09.01.2019.  Referent: Ingard W.
F.v. Marit, Harald, Ingjerd, Sverre, Ivar, Ingard, Ann-Mari, Erling, Tor, Ola, Arnt, Wenche og (Henry)

(120119)

Seniorlaget arrangerer SKREIKVELD med noko attåt fredag 22. februar. Det blir sendt ut innbyding, så følg med! Datoane for Årsmøte/årleg møte - sjå lenger nede på sida.

(301218)

Nyttårs-ønske: Få leire med i NM friidrett for veteranar.
NM innandørs: Nes Arena 9. - 10. mars.             
NM Stafettar: Lillehammer 25. - 26. mai             
NM Utandørs: Furumoen (Modum) 21. - 23.juni

(201218)

Den NYE Atlanten stadion er snart ferdig ....!  Men vi må nok vente til slutten av 2020 før han er ferdig og kan tas i bruk. fLikevel flott at vi endeleg kan få ny bane. Fleire bilete finn du her.

(101218)

Hei. Herser du ein del av deltakarane i Norodd 75-årstoget 2014. Som det går fram av stiftingsdatoen er det ikkje lenge til vi blir 90 år, og det er i 2019! Derfor er det på tide å sette i gang planlegginga av "fæsten" nå!F.v. ser du: Harald Krakeli, Hika Kaciniz, Arvid Fjærli, Emil Rødsand, Gunnar Eckhoff, Åse Tøsse og Harald Søbstad.

(051218)

  1. Helge Kruse som eminent vaffelsteikar på det andre Kaffimøte i regi IL Norodd. Vert var Ingaard Warvik som også hadde kalla inn til møtet. vi var 11 menn - ingen damer, som prata om laust og fast, men mest om korleis vi skal organisere oss slik at vi er klare til å arrangere idrettsstemne når Nye Atlanten stadion er ferdig på slutten av 2020. Det er plass til fleire på desse møta, så berre følg med! Det blir sendt ut innbydingar på e.post til dei som har. Elles får vi brule telefon og jungeltelegrafen.

(301118)

Her er datoane for Årsmøtet og årleg møte i gruppene for 2018 (i 2019)

(021118)

Norodd-lover godkjent 24.01.2017.  Du finn dei her.

(211018)

Seniorlaget har som vanleg ein Haustfest og ein Vårfest. Haustfesten medsaltkjøt og stappe med "noko attåt" var fredag 19. oktober. Deltakartalet var ikkje det største, men for dei som var der var det bra nok. Før maten var det ei orientering/oppsummering av arbeidet med Atlanten stadion. Arbeidet er i bra rute, men det blir neppe nokon bruk av stadion før ut i 2020! Her er trekløveret som orienterte. Fv. Ronny Myrset, Ann-Mari Hammer og Tron Kjønnø.  Fleire bilete vil du finne her.

(220918)

Hei. Kvifor er det så få frå Norodd som deltek i Torvikbukt Rundt? Som einaste aktiv utøvar var det berre Helge Råket! I tillegg var det ei handfull som stilte i klassen utan tid. Løypa er riktig nok 13,5 km, men deat er eit fint løp. I år hadde arrangøren elektronisk tidtaking med fotlenke, og på skjerminne i Idrettshallen var det ei tavle som viste tida ved passering av eit kontrollpunkt i Hoppbakken, og naturlegvis ved målgang. Her ser du løypetraseen. resultatlista finn du her.

(170918)

Freikollen Opp 2018 er over (15. sep.) og mange sleit seg opp dei 629 metrane i regn og blest. Deltakartalet i aktivklassen var omtrent som i  fjor (korrigert for dårleg ver), men Turklassen (utan tid) hadde mykje mindre deltaking, 16 mot 46. Mykje på grunn av veret, men og på grunn av omlegging av løypa. Her ser du bilete fråstarten av TRIMklassen der veteranane Tron Kjønnø, Torbjørn Garshol og Hika Kazinic deltok. Den nye løypa hadde utgangspunkt frå Frei skole, noko som passa særs fint. Fleire bilete finn du her. Du finn resultatlista her

(030918)

Førre helga var det NM for veteranar i Stjørdal. Norodd stilte med ein liten tropp, men prestasjonane var på topp! Harald Søbstad og Arvid Fjærli, begge over 85 år, Henry Opland over 80 år. I tillegg var Torbjørn Garshol, 85 år, med på stafett. For første gong var det kretslag som stilte i stafett og derfor "lånte" vi Ivar Bølset frå IL Triumf. Vi kalla derfor laget Møre og Romsdal, klasse 80 + Fleire bilete her.

(220818)

Det nærmar seg NM for veteranar i Stjørdal 24.-26. august. Norodd stillar med ein liten, men eksklusiv tropp: Harald Søbstad, Arvid Fjærli og Henry Opland. I Tillegg blir Torbjørn Garshol med på stafett i klasse 80-89 år. 

(300718)

Hei. Norodd friidrett treng hjedlp (funksjonærar) til å hjelpe "Kvenna" med å arrangere Folkeløpet 25. august. Meld frå om du har 2-3 timartil rådvelde denne dagen, til heop@online.no eller som SMS til 90643849 så snart som råd. TAKK.

(070718)

30-årsjubileum 07.07.18. Resultatlista for dei  son sprang på tid finn du her.

(060718)

(040718)

Freikollen Opp 15. september med ny og kortare trasse på berre 3,2 km. Her ser du gjengen som gjekk opp den nye løypa.  Frå venstre: Ander Tøsse, Ketil Solli-Sæther, Oddbjørn Lomundal, Tron Kjønnø og Ole Birger Ulseth.

(280618)

Det er sommar, men treninga held fram både på Atlanten og FosnaFrisk. På Atlanten er vi tysdagar og torsdagar frå kl. 18.00, med utegarderobar. På FosnaFrisk (Oddbjørn) kvar laurdag frå kl. 13.00 ut juli. Hugs NØKKELKORT! Her finn du hjelp til treninga - treningsprogram.

(270618)

Veidekkelekene 21. - 24. juni 2018.  Resultat finn du her.

(210618)

Kast KM. Norodd har fått 4 nye KM-meistrar. Det skjedde i Molde 19. juni. Her er bilete av to av dei (Foto: Randi Hansen)  Nikolai Ulvund t.v. og Erlend Kristiansen.Resultat: Slegge (4 kg) G15 Erlend 35,33 m. Slegge (3 kg) MV 85-89. Nr. 1 Harald Søbstad 22,55 m. Nr. 2 Arvid Fjærli 20,09 m.  Diskos (1 kg) G15 Nikolai 35,03 m. Diskos (1 kg) MV 85-89. Nr. 1 Arvid Fjærli 17,57 m. Nr. 2 Harald Søbstad 15,40 m.

(110618)

Over dei 7 fjell på Frei var ikkje like vellukka for alle, det kan du berre sjå her.

(080618)  Vardeløpet 2018

Vardeløpet er ferdig sjøl om det vart knall-lita deltaking. I aktivklassen var alle 4 deltakarane frå Norodd. Trimklassa hadde 6 deltakarar -  alle frå Norodd. Skal ein forklare manglande deltaking: Bislett games og Over dei 7 fjell på Frei søndag 10. juni. Dette er siste arrangement på Atlanten stadion før ombygging! Frå venstre: Kvinner junior: Ingrid Smevåg Gundersen. Menn Junior: Pål Rørvik. Menn veteran 35-49 år: Einar Engvig. Menn veteran 50 år ->: Bernt Egil Solvik. Resultatlista her.

(050618)

Sjå på biletet og les:

(160518)

17. mai 2018. Møt opp i toget kl. 15.45, som nr. 24 etter Braatt!

(160518)

Hei, både kjente og ukjente. Nå har du muligheit for å støtte arbeidet i IL Norodd der du sparar meir dess meir du kjøper. Norodd skal selje og du kjøpe ENJOY-kort der du får opp til 30% rabatt på det du kjøper for. Kortet kostar 275 kr., men det tjener du fort inn. Les meir her.

(100518)

Tinestafetten vart i år, 8. mai, arrangert av Straumsnes IL med god hjelp av Norodd friidrett. Det var dessverre berre 23 lag som møtte til start, og dei fleste bylaga syntest det vart for langt å reise til Straumsnes! Første start var 6. trinn, og den klassen vann Frei skole. Men dei vann også 7. trinn. Her ser du 6. trinn vel over målstreken.

(270418)

NORDMØRSSTAFETTEN er vel i mål. men deat var skuffande deltaking: berre eit vaksenlag, og det var frå Tingvoll. Bravo Tingvoll!. Men det var andre lyspunkt også. Norodd stilte med heile 7 Friskuslag. Resultatlista finn du her, og fleire bilete kan du finne her. Her ser du nokre hoppande glade Friskusar etter at dei har fått medaljane sine.

(180418)

Nordmørsstafetten nærmar seg. Heile innbydinga finn du her.

(100418)

For å bli god i friidrett, må du trene - riktig. Her får du god hjelp av eit treningsprogram for sprintarar. Berre klikk her.

(220318)  Årsmøte i NORODD

På årsmøtet i IL Norodd hovudlaget 21. mars vart det stor sett attval. Oddbjørn Lomudal held fram som leiar mens Helge Kruse er nestleiar. Med seg i styret har dei: Linda Rokstad Knudsen, sekretær, Henry Opland, kasserar og Hilde Haugen, styremedlem. Varamedlemar er Ann Jorunn Gimnæs og Ola Mossige Hilstad. I tillegg kjem leiarane frå gruppene: Friidrettsgruppa - Tron Kjønnø, Sykkelgruppa - Jonas Holten, Triatgruppa - Paul Hole og frå Svømmegruppa - Johan Aronsen. revisor er Arnt Eilertsen og Erling Meese. Arvid Fjærli, Linda R. Knudsen og henry Opland fekk blomstertakk. Sistnemnde fekk også diplom for lang og tru teneste (49 og eit halvt år).  Foran f.v: Hilde Haugen, Helge Kruse, Linda R. Knudsen og Ann Jorunn Gimnes.  Bak f.v: Henry Opland, Oddbjørn Lomundal og Ola M. Hilstad. 

(020318)

Glad jubilant på Seniorlaget sitt Årsmøte/Skreikveld! Gratulerar! Skjeldan god fisk og masse lever og rogn!  Takk til leverandøren NK!  Fleire bilet finn du her.

(280218)

Friidrettsgruppa hadde sitt Årlege møte (Årsmøte) 28. februar, og valde dette styre: Tron Kjønnø leiar, Ole Birger Ulseth nestleiar, Hege Gjerde sekretær, Henry Oplaand kasserar, Grete Leren Kroknes styremedlem og Pål Rørvik ungdomsrepresentant. Varamedlemmar: Ann-Mari Hammer, Joakim Kongshaug og Ketil Solli-Sæther. Her ser du dei som fekk utmerkingar. Fleire bilete finn du her.  Desse fekk utmerkingar for 2017: F.v. Pål Rørvik, Nikolai R. Ulvund, pokal for beste utøvar, Sofie Kroknes, Erlend Kristiansen, Lars Bratsberg Aae, Lene Hoel, JA-pokalen, og Ingrid S. Gundersen. I tillegg fekk veteranane Guro Helene Mørkedal og Arvid Fjærli utmerkingar, men utan å vere tilstades.

(310118)

Oversikt over Årsmøte og Årlege møter -samt Skreikvelden der det er påmelding.

(310118)

For å bli god i FRIIDRETT, må du trene. Her får du god hjelp i eit treningsprogram for vaksne sprintarar som Stein Ohr laga mens han var ein av oss.

(201217)

God jul    Godt nytt år!

(051217)

 Framleis er ikkje heile Skeisebanen under tak - vestenden står att.

(051117)

To blide damer på Haustfesten i Seniorlaget 3. november 2017. Fleire bilete her.

(021117)

Det er framgang med bygginga av Skeisehallen, men det går sakte. Her ser du eit bilete tatt 1. november 2017.

(301017)

Hei, alle friidrettsutøvarar: Frå i morgon  (31. nov.) legg vi om treningstidene våres slik: Tysdag og Torsdag frå Nordvesthall1 kl. 19.30 til kl. 20.30, med utetrening frå kl. 19.00. På Laurdagar på FosnaFrisk (Oddbjørn). Kl. 13.00 til 14.00 UTE. Frå kl. 14.00 til 15.00 styrketrening INNE.  OBS OBS. På grunn av nøkkelkortbruk, er det nødvendig å vere presis: anten 2 min. på eit eller 2 min. på to. Vel møtt!!!  Som hjelp til sprinttrening finn du eit treningsprogram her.

(151017)

(061017)

Hei, alle samman. Det er snart tid for TV-aksjonen 2017. I år blir det endring frå det Norodd har gjort tidlegare, då vi samlast i Noroddlokalet med kaffi og vaflar/bakkels. vi vil i år prøve ut initiativet til den enkelte. Dvs. DU må kontakte Servicetorget for å melde deg på - velje rode og hente bøssa. (Sjå lenger nede i brevet!) Kan også på innsamlingsdagen møte opp i Sparebanken å høyre om dei har ledig rode.

Resten av brevet kan du lese her.

Møt opp og gjer ein god innsats for Norodd!

(300917)

29. september fylte Arvid Fjærli 85 år! Her frå eit mini selskap han hadde for dei eldre medlemmane i Norodd.  F.V. Torbjørn Garshol, Gunnar Eckhoff, Wenche Ohr og gubben sjøl Arvid Fjærli. Gratulerar så mykje!

(150917)  Freikollen Opp for 2017 er over, og det beste av alt var det fine veret og den nye Turmarsj-løypa. Deltakinga i aktivklassen var omtrent som i fjor, like under 40. Heller ikkje barneløpet har slått til - berre 14 deltakarar i år. Då var deltakinga i Turmarsjklassen  mykje betre, saman med i fjor. Her var det 46 som gjekk dei 3 (6) kilometrane. Frei skolekorps underheldt både ved start og lenger ut i løypa, ved gapahuken. Her var det snorklipping og servering av pølser og kaffi. Vinnaren av konkuranseklassen for menn vart Are Uran frå Averøy (som i fjor).Vår eigen Ingrid Gundersen vart nr. 3 av alle jentene.  Best var Brynhild Synstnes, Veblungsnes.  Resiltatlista finn du her.

Are Uran

Ingrid Gundersen

Arvid og Torbjørn

(230817)

(150617)

Svømmegruppa sitt exit frå Norodd. Her er arbeidsgruppa + Oddbjørn, som har arbeid fram Avtaleforslaget. Her finn du det. På biletet ser du frå venstre: Ann Jorunn Sagli, Steinar Sogn, Johan Rune Aronsen, Oddbjørn Lomundal, Helge Kruse og Arnt Eilertsen.

(260617

Bilete: Arvid og Harald på Knarvik stadion etter at gull nr. 100 var i boks.

(220617)

Here er ei trist melding. Nå er det slutt med garderobar på Atlanten stadion, og vi startar ikkje opp att før skolen startar. Likeså er det slutt med treninga på FosnaFrisk (Oddbjørn), men opnar opp igjen etter haustferien. 

(070617)

Vardeløpet er over, men med få deltakarar i aktivklassen, og spesielt frå Norodd. Resultatlista kan du finne her.

(020617)

Frå Kaststemnet 01.06.2017 arrangert av IL Molde Olymp. Fire frå Norodd deltok. Det var Arvid Fjærli, Harald Søbstad, Nikolai Ulvund og Erlend Kristiansen. Resultatlista finn du her.

(280517)

Gledesrunde 3 på Atlanten stadion tysdag 30. mai, med start kl. 18.45 for barn og kl. 19.00 for vaksne - med og utan tidtaking! Trekning av pengepremiar mellom dei som har vore med på alle 3 - medalje til barna. Startpengar kr. 20 for alle, bortsett for noroddungane som går gratis.

(110517)

Tinestafetten er over for denne gong, og det kan bli lenge til neste stafett på Atlanten stadion. Først må nybanen fli ferdig og eit par år?! Men resultatlista finn du her.

(030517)

Nordmørsstafetten vart avvikla i går i fint vårver på den gamle Atlanten stadion. Neste gong blir på ein flunkande ny bane. Resultatlista finn du her, og nokre fleire bilete her.

(220417)

Medalje til alle barna, bronse 1. gong og sørv til andre gong. Dei som deltar alle tre gongene får gull.  Alle, vaksne som barn og har delteke alle tre gonger er med i trekning 30. mai av 3 pengepremiar.

(120417)

God påske!

(310317)

Friidrettsesongen har opna, og første arrangement var Gledesrunde 1, 28.mars på og rundt Atlanten stadion. Her ser du deltakarane like før start. Resultatlista, med og utan tidtaking ser du her.

(160317)

På Friidrettsgruppa sitt årsmøte 1. mars fekk vi dette styret: Tron Kjønnø (leiar), Ole Birger Ulseth (nestleiar), Henry Opland (kasserar), Hege Gjerde (sekretær) og Grethe Leren Kroknes (styremedlem). Sjå oppsettet her.

(160317)

IL Norodd (Hovudlaget) hadde årsmøte onsdag 15. mars, og nytt styre vart vald. Oddbjørn Lomundal (leiar), Helge Kruse (nestleiar), Linda R. Knudsen (sekretær), Henry Opland (kasserar) og Hilde Haugen (styremedlem). Her ser du dei fleste i styret. Styret i Hovudlaget 2017. foran f.v. Linda R. Knudsen, Hilde Haugen, Helge Kruse, Ann Jorunn Sagli, Oddbjørn Lomundal og Henry Opland. Bak f.v. Paur Hole, Steinar Sogn, Jonas Holten og Ketil Solli-Sæther.

(080317)

I dag 8. mars, på Kvinnedagen, fyller Emil Rødsand 90 år. 5 noroddarar (Harald, Arvid, Gunnar, Henry og Hika) var på besøk på Bergan sjukeheim, der Emil bur.

(050317)

Stein Ohr vart gravlagt torsdag 2. mars 2017 frå Frei kirke. Her ser vi brørne Brynjar og Håvard Takle Ohr framføre "The whole love" i kyrkja. Fleire bilete frå gravferda finn du her. Etter gravferda var det samling i Noroddlokalet.

(030317)

Frå premiedrysset på Friidrettsgruppas årsmøte 1. mars. Fleire bilete finn du her. Det nye styret er: Leiar: Tron Kjønnø. Nestleiar: Ole Birger Ulseth. Sekretær: Hege Gjerde. Kasserar: Henry Opland. Styremedlem: Grethe Leren Kroknes.

(250217)

(170217)

Tradiasjonen tru har Seniorgruppa arrangert årets SKREIKVELD med godt humør! Her ser du 2 av typen og fleire finn du her.

(160217)

Friidrettsgruppa har arrangert Hopp utan tilløp i Idrettshallen i Kristiansund torsdag 16. februar. Her finn du resultatlista.

(160117)

Hei, her ser du alle Norodd friidrett sine arrangement for 2017:16/2 Hopp uten tilløp. Alle aldersklasser
28/3 Gledesrunde1
25/4 Gledesrunde 2
02/5 Nordmørsstafetten
30/5 Gledesrunde 3
07/6 Vardeløpet
09/9 Freikollen Opp

(090117)

IL Norodd Årsmøtedatoar i 2017
TRIATLON: tysdag 14. februar
SYKKEL: onsdag 15. februar
SENIOR: fredag 17. februar (Påmeding!)
SVØMMING: måndag 27. februarFRIIDRETT: onsdag 1. mars
HOVUDLAGET: onsdag 15. mars
Alle møta startar kl. 19.00 i Noroddlokalet
Forslag til må sendast til dei respektive gruppene.

(090117)

obs  obs. Det første stemnet vårt er i Idrettshallen i Kristiansund torsdag 16. februar kl. 18.00. Der blir det høgde og lengde, utan tilløp. Møt opp, resultata tel til Veteranstatistikken!

(090117)

Godt nytt år! Nå er endeleg datoen og staden for NM banestemne for veteranar klar, og det er Knarvik 23. - 25. juni, så det er berre å skaffe seg piggar med riktig lengde. Dermed er alle dei viktigaste stemna på plass. Knarvik er ein liten plass nord for Bergen.

(241116)

Haustfesten i Seniorgruppa er over, og det smakte godt med saltkjøtt og stappe. Feiringa av Tron Kjønnø 60 år og Henry Opland 80 år. Nokre usensurerte bilete finn du her.

(191116)

Her kjem viktige datoar du bør merke deg, så kjøp kalendar og merk av:4. - 5. mars 2017: NM innandørs på Nes Arena (som i 2016)
20. - 21. juni 2017: NM banestafettar på Hamar

(311016)

Endeleg er treningssesongen for 2017 i gang, og då startar vi innetreninga i Nordvesthall1. Det blir trening tysdagar og torsdagar frå kl. 19.00 til kl. 20.30, men vi startar med oppvarming ute kl. 19.00. På laurdagar er det styrketrening på FosnaFrisk frå kl. 14.00 til 15.00. Men som vi har gjort tidlegare år så startar vi med ein times utetrening frå kl. 13.00. Nytt av i år er at vi må bruke nøkkelkort for å komme inn! Derfor må vi møte opp kl. 12.55 eller kl. 13.55 for å komme inn. Vi har berre 2 nøklar, den andre har Damegruppa. Dersom du blir forseinka av ein eller annan grunn, kan du prøve å ringe 906 43 849. Vel møtt til ny sesong! Treningsprogram finn du her.

(101016)

Og DU skal vere med å hjelpe Norodd friidrett å gå med bøsser!! Norodd har tradisjon med å hjelpe til. Det har vi gjort i alle år! Sett av eit par timar på søndag og bli bøsseberar. Vi startar frå Noroddlokalet kl. 14.00. Og etterpå er det kaffi og nysteikte vaflar. Håpar du kan komme! Vi treng omlag 12 gangføre personar.

(081016)

Teikn tydar på at det snart er haust, for nå er det ikkje lenge før innetreninga startar. Først ute (inne) er FosnaFrisk. Her startar vi laurdag 22. oktober. Så er det Nordvesthall1, der startar vi 1. november kl. 19.30 (med oppmøte kl. 19.30 for oppvarming ute). På FosnaFrisk kan det bli eit lite problem, vi må nemleg bruke nøkkelkort! Det betyr at vi må møte presis då det berre er nokre få som har kort. Du kan lese meir på treningsprogrammet som du finn her.

(260916)

FosnaFrisk . Det nærmar seg innetrening, og først ute er laurdag 22. oktober. Då er det som vanleg start kl. 13.00 - 14.00 UTE. Så er det timen frå14.00 til 15.00 INNE. Nytt av året er nøkkelkort-åpning d.v.s vi får kort som vi kan opne ytterdøra med. Korleis vi skal organisere dett er ikkje heilt klart enno. Men det blir vel ei råd.

(130916)

Hei. I kveld var det IDRETTSMERKE-taking på Atlanten stadion, og det var stort sett damene sin tur. Følgjande øvinga vart utført: lengde utan tilløp, kule, 60 m og 3000 m. Her ser vi Hege Madsen i lengdegropa.

(030916)

Dermed  var også vårt siste arrangement ferdig. Freikollen Opp vart avvikla i brukbart ver, men med glatt og våt løype. Dessverre var det også ein liten nedgang frå i fjor. I år var det 4 kvinner og 33 menn i aktivklassen. I fjor var det 6 og 33. Trimklassen i år: 12 stk.,  i fjor: 8 stk. Heile resultatlista finn du her. Sånn ser vinnarane ut: Benedikte Liepelt og Erik Husby.

(020916)

Tida går fort, nå er det mesta eit heilt år sidan Freikollen Opp vart arranger sist (5. sep. 15). I morgon er det på'n igjen. Vil du vite meir, kan du klikke deg inn på:  www.Freikollenopp.no  Vil du sjå resultata frå i fjor, kan du trykke her.

(260616)

Ops Ops Endringar! Tidlegare annonsering at vi kunne vere på FosnaFrisk (Oddbjørn) til ut juli er feil. Det er slutt NÅ!  og opnar ikkje før 27. august. Dermed har vi følgjande treningar: Tysdagar og torsdagar kl. 18.00 og laurdagar kl. 13.00, alle med oppmøte på Atlanten stadion. Ingen garderobe!  Treningsprogram finn du her.

(230616)

I dag er det Jonsok, og då er det på tide å tenkje på NM for veteranar 12 - 14. august. Sjølve idrettsanleggen ligg i Modum, men vi skal i Vikersund - nærmare bestemt på Tyrifjord hotell. Der har budde vi sist vi var i Modum for 10 år sidan. Vi stilte då med 2 stafettlag, og det har vi planer om å gjere i år også. Men samansetjinga blir ei heilt anna. Kanskje blir det i 60- og 80-årsklassane.

(170616)

Hallo, Hallo. Nå er det slutt på bruk av garderobar i Idrettshallen - så du må dusje heime. Treninga på FosnaFrisk (Oddbjørn) varar ut juli.

(220516)

NM stafettar på Øya stadion i Trondheim 21. og 22. mai. "Seniorlaget" i 80-årsklassensette ny norsk rekord både på 4x100 m og 4x400 m. På "juniorlaget" sprang foran f.v Geir Aakvik, Tron Kjønnø, Ola Hilstad og Stein Ohr. Bak "Seniorlaget f.v. Gunnar Eckhoff, Torbjørn Garshol, Henry Opland og Arvid Fjærli. 

(200416)

Og så er NORDMØRSSTAFETTEN 2016 ferdig, og resultata kan du lese her.

(040416)

NORDMØRSSTAFETTEN  2016 på Atlanten stadion tysdag 19. april. Heile innbydinga ligg her.

(150316)

Det er ingen grunn til å slutte med treninga, for her får du hjelp av eit treningsprogram laga av Stein Ohr.

(150316)  NM for veteranar innandørs i Nes Arena, Jessheim

Deltakarane frå IL Norodd friidrett. 

Bak f.v. Ola Hilstad, Tron Kjønnø og Stein Ohr. Foran f.v. Arvid Fjærli, Henry Opland og Torbjørn Garshol.

Stafettlaget i  60-årsklassen.

Frå v. Ola Hilstad, Tron Kjønnø, Henry Opland og Stein Ohr

(250216)

Årsmøtet i Friidrettsgruppa er over, og i styret var det lite nytt. I staden for Ingjerd Skjelvik som takka for seg etter lang tid som sekretær, kom Kristin Kvalvåg inn. Så ser styret ut sånn: Leiar Tron Kjønnø, nestleiar Ketil Solli-Sæther, sekretær Kristin Kvalvåg og kasserar Henry Opland. Her opnar leiaren årsmøtet. Fleire bilete finn du her.

(160116)   GODT NYTTÅR

Snart er det årsmøtetider og her kjem annonsen som sto i Tidens Krav12.01.16, men som dei færraste har lese. Så det spørs om det har så mykje for seg med annonse?

(281015)

Friidrettssesongen er i gang d.v.s er i gang for fult. Dei som treng litt hjelp får det frå treningsprogrammet som Stein O. har laga. Berre sjå her.

(261015)

Haustfesten i Seniorlaget vart avvikla i sømmelege former. Det vart vist film frå Lykke til-aksjonen for 25 år sidan, og Tingvolleikane. I tillegg fortalde gruppene om aktiviteten dei driv på med. Saltkjøtt og stappe var menyen, med noko attåt. I tillegg kaffi og kaker.  Det er bestandig spennande om du er ein av dei heldige i utloddinga av vinstar vi sjølve har med. Mange flotte bilete frå festen ser du her.

(260915)

Her er resultatlista til TORVIKBUKT RUNDT 26.09.2015.

(310815)

Resaultatlista frå Flemstubben finn du har.

(260815)

Freikollen opp - meld deg på, sjå www.Freikollenopp.no Resultatlista finn du her.

(160915)

Treningstider hausten 2015.

(291615)

NM veteranar 2015 på Finnsnes 26. - 28. juni. Her er blomsterdronninga Wenche som fyller 70 år. Fleire bilete finn du her, og resultatlista her.

(270615)

DNB leikane 2015 er avslutta, og alle er nøgde. Her ser du instruktørane, og fleire bilete finn du her.

(100515)

Bærre lækkert! Dette er før nokon hadde forsynt seg av spekematen under Freiøya halvlangs.

(080615)

Nå er det for seint å melde seg på til DNB sommarleikar både fordi påmeldingsfristen er gått ut, og fordi grensa for talet på deltakarar er nådd.

(050615)

Vinnarane i juniorklassen til Bardeløpet 2015, Hilde Brennskag og Trym Jordal. Fleire bilete her. Resultatlista finn du her.

(18.05.15)

17. mai 2015 og Noroddfanen eitt år forseinka!

(160515)

Holmenkollstafetten 2015 der Norodd vart nr. 3 i Superveteranklassen.

(210315)

Her er "Piggtrådgjengen" som saumfor Skorpa etter piggtråd.

(270215)

Frå Seniorlagets årsmøte. Her ser vi den nye og den gamle formannen. Ronny Myrset og Åse Tøsse. Resten av bileta finn du her.

(110215)

Norodd friidretts Årsmøte. Årsmeldinga finn du her.

(270115)

Klubbkvelden

(190115)

Her kjem nytt treningsprogram for januar- mars.

(190115)

Snart er det  ÅRSMØTE-tider.  Berre sjå her:

(311215)

God jul 2014!

(221214)

Trening i "mellomjula": Lørdag 27. kl. 13.00 - 14.55. Tysdag 30. kl. 18.00 - 19.00.  OBS tidspunkt!

(171214)

Over 50!

Over 50 unge utøvere deltok på fellestreningi Ifdrettshalleni kveld, torsdag 16. desember. Oppvarming + 3 aktiviteter i sal, bandy, en konkurranse og sprint stod på programmet - full innsats over alt. Det hele ble avslutta med pizza, se bilder. Vi feiret også at Bystyret i dag enstemmig gikk inn for fullverdig friidrettsbane på Atlanten stadion.  (Ann-Mari, også bilder) 

(131214)

ETTERLYSING. Var du og tok bilete av 17.-maitoget i år og fekk med deg bilete av den nye FANA til Norodd? Til nå er det ingen som har meldt seg, og det er synd. Det var jo premiere med "Ny-fana". Har du bilete, kan du sende dei til heop@online.no.

(261114)

Leitar du etter  TRENINGSTIDENE for friidrettsgruppa, kan du trykke her.

(051114)

 Seniorfesten vart vellukka som du kan sjå her.

(191014)

Det er ikkje til å komme frå at hausten er her, og ein ny treningssesong startar. Stein har i alle år laga til Treningsprogram (sprint), og det har han også gjort i år. Du finn det her.

(191014)

Seniorlagt har oppdatert innbydinga til Haustfæsten.  r kan du lese heile innbydinga.

(131014)

Ein Drømmedag i Torvikja. I stille og fint solskin vart Torvikbukt Rundt arrangert. Her er nokre av deltakarane frå Norodd, men 5 manglar. Den viktigaste person på biletet Arvid Fjærli som fekk plakett for 40-års deltaking. Nytt av året var at dei fleste frå Norodd var jenter/damer frå Damegruppa. Gratulerar! Resultatlista vil du finne herBak f.v. Geir Roesen, Magnhild Fiske, Grethe Linda Sevaldsen, Monika Grønning, Arvid Fjærli, Astri Sjåvik, Ingeborg Sjåvik, Tron Kjønnø, Guro Helen Mørkedal og Inger Johanne Bjørnø. Foraqn f.v. Marianne Vågan, Markus og Christian

(091014)

(290914)

IL Norodd hadde den "fysiske" feiringa av 85-årsdagen 27. september. Her er eit felles bilete (tatt i Nordvesthall1) av alle gruppene i Norodd. Fleire bilete finn du her.

(290914)

Hei. Nå er det snart haustfest i Seniorlaget. Les innbydinga her.

(280614)

NB. Nå er det slutt på inne/styrketreninga på laurdagar på Fosna Frisk for i sommar. Startar opp igjen 18. oktober.

(280614)

DNB/Norodd si sommarskole på Atlanten stadion 23. - 27. juni. Her er fleire bilete.

(220614)

Frå NM veteranar på Askøy 20. - 22. juni 2014. Fleire bilete finn du her. Vil du ha resultata for Norodd, finn du dei her, her og her, men alle NM-resultata ligg her.

(150614)

Etter ei vellukka "Freiøya halvlangs"-tur 12. juni hos Marit og Ivar, vart det knipsa ein del bilete. Her kan du sjå alle deltakarane (-1). Fleire bilete finn du her

(020614)

Tingvollstafetten.  Tirsdag 27. mai deltok et barnelag fra Norodd i Tingvollstafetten. De ble nr. 4 av i alt 8. lag. Flott innsats av August Meese, Ingrid Smevåg Gundersen, Ola Gjelland, William storvik og Lars Gjelland.

(250514)

Nå er 3. og siste GLEDESRUNDE  over, så nå er det berre å fortsette på eiga hand til neste gong. Her er resultatat. Men derfor treng ikkje DU slutte. Fortsett på samme måte så blir du så sprek som bare det!  Vi hadde 92 ulike deltakarar på dei 3 Gledesrundane. På den siste var det 50, med 26 barn og 24 vaksne. I og med at dette var siste Gledesrunde for i år, vart det trekt ut ein ekstra premie som var ein gåvesjekk frå Danske Bank. Bildet (foto: Ivar Hjelseth)) viser vinnaren av Gledesrunde 3, nr. 39 - Ask Fiske Nygård og sjekkvinnar nr. 21 - Marianne S. Gundersen. Elles ser vi nr. 40 - Ole Kristian Pedersen , nr. 37 - Nikolai Gaarde, og bakerst nr. 29 - Pål Strand Rørvik. Med dette vil IL Norodd friidrett takke for denne gongen, og ønsker vel møtt til nye Gledesrundar til neste år.

(250514)

 

(190514)

Det er klart for "Freiøya Halvlangs". Her finn du innbydinga, så meld deg på i tide.

(160514)

Norodd har fått ny FANE. Her frå den høgtidelege overleveringa til IL Norodd ved Oddbjørn Lomundal. Inger Johanne Bjørnå og Henry Opland som gjennom lang tid har jobba med Fanen, med god hjelp frå Nils Fiske og Tor Johansen:

(120514)  Holmenkollstafetten 2014

Her ser du stafettlaget til IL Norodd friidrett som klarte 3. plass i klasse 55+ med tida 1.09,59. Vinnaren vart Strindheim med tida 1.09,08. Frå venstre ser du: Geir Aakvik, Stein Ohr, Bjørn Klokseth, Per Sigmund Henøen,  Johan Aas, Tron Kjønnø, Ola Hilstad, Ole Roald Torsø, Trygve Hauge, Odd Klokseth, Arnt Eilertsen, Gaute Bjaanes og Ivar Hjelseth. Men før vi kom så langt var vi innom Lillehammer OL-Quis der vi trefte Ingard Warvik. Her er laget som vann Quisen: Geir Aakvik, Bjørn Klokseth, Ola Hilstad og Per Sigmund Henøen.

(070514)

Dersom du er interessert i korleis det gjekk med laget ditt i Nordmørsstafetten, kan du klikke her.

(100414)

God påske

(120414)

Det blir Nordmørsstafett 29. april. Innbydinga finn du her.

(120414)

Resultat frå Gledesrunde 2 ligg her.

(120414)

Har du lyst til å trene FRIIDRETT så får du god hjelp her ved å sjå på og bruke treningsprogrammet til Stein Ohr

(260314)

Gledesrunde nr. 1 er ferdig og du ser nokre bilete frå arrangementet. Resultat/deltakarlista finn du her.

(160214)

Hei. Lurar du på kva som skjer på FRIIDRETTS-fronten i Møre og Romsdal? Då kan du berre trykke her så får du heile terminlista for heile 2014.

(160214)

Norodd Senior sin Skreikveld.

(150214)

Snart er det årsmøter/årlige møter igjen.

(280513)

Gledesrundene er ferdig for i år - her er resultatet. Men fortvil ikkje - onsdag 8. juni kan du vere med på Vardeløpet. For funksjonærane har vi eit eige løp på tysdag 4. juni (treninga vår denne dagen). Meir om Vardeløpet kan du lese her.

(270513)

Freiøya Rundt er historisk. I år er det Freiøya Halvlangs, og det kan du lese meir om her.

(170513)

DNB Idrettsleker - IL Norodd Friidrett

Dett er for aldersgruppa 6 - 12 år, så foreldre/føresette les meir her.

(170513)

Sprinttreningsprogram for 13.05 - 01.07 finn du her.

(280413)

Gledesrunde 2 er her.

(280413)

Bilete frå Nordmørsstafetten kan du sjå her, og resultatlista ligg her.

(040413)

Kongen er død - lenge leve Kongen! I dag er det gravferda til Hjalmar "Hjallis" Andersen, Kong Glad.

(290313)

Nå er 1. Gledesrunde gått av stabelen. Det skjedde 19. mai kl. 18.45 på Atlanten stadion. Løypa var isat og glatt, men likevel fullførte 29 barn og 20 vaksne den 3 km. korte løypa. Neste Gledesrunde er 23. april til samme tid.

(290313)

Om ikkje så lenge, d.v.s. 18. april, opnar friidrettssesongen med NORDMØRSSTAFETTEN på Atlanten stadion. Heile innbydinga finn du her.

(250313)

NB! Etter påske dvs. frå tysdag 2. april endrar dei vaksne treningstider, og Nordvesthall1 er ute. Treningstidene er begge dagane frå kl. 18.00 til kl. 19.30 på Atlanten stadion og garderobe i Idrettshallen. Laurdagar fram til sommarferien er vi framleis på FosnaFrisk frå kl. 13.00 til kl. 15.00 med utetrening den første timen.

(250313)

Tida går fort og vi må igjen skifte til nytt treningsprogram, denne gongen for april og halve mai. Komponist er Stein Ohr, og du finn det her.

(140313)

Hovudlaget har halde Årsmøte, og Oddbjørn Lomundal er attvald som leiar. Nestleiar Stein Ohr, også det attval. Heile årsmeldinga kan du lese her.

(150213)

Skreikvelden er klar, innbydinga ligg her. NB! Årsmøtet i Hovudlaget er utsett til onsdag 13. mai.

(100213)

Harald Søbstad med "harem" i Stavanger. Årsmeldinga til Friidrettsgruppa finn du her.

(010213)

Viktige datoar: 6. februar - Årsmøte i Friidrettsgruppa, 6. mars - Årsmøte i Hovudlaget, 8. mars - Årsmøte i Seniorlaget med Skreikveld

(171112)

Treningskveld i Friidrettsgruppa:

(121112)   Seniorhaustfesten/mimrefest:

Foran f.v.: Henry Opland, Arnt Eilertsen, Stein Ohr, Kåre Ragnar Dyrseth og Øivind Olsen. Bak f.v: Ola Hilstad, Ola Bræin, Trond Myrhaug, Rolf Østigaard, Per Hannaseth, Julius Loennechen, Helge Kruse, John Arnfinn Røst, Grethe Aaspromg Eckhoff, Øyvind Thorsø, Leif Erik Meese, Henry Larsen og Finn Meese. Nokre fleire bilete finn du her.

(081012)

TV-aksjonen 2012

(240812)

 2xEM-Harald kjem attende frå konkurransen i Zittau, Tyskland der han vann både 10-kampen og høgde. 16.-17.08.2012.  Her finn du nokre fleire bilete.

(150812)

Her kjem nokre bilete frå den høgtidelege opninga av Noroddløypa 14. august

(120812)

Hugs opninga av Noroddløypa tysdag 14. august kl. 18.00

(120812)

Frå  gravfearda til Odd Aae fredag 10. august i Nordlandet kirke.

Kista med Odd Aae  - Stein Ohr held minnetale ved båra - Krans frå Norodd friidrett.

(010712)

No er det slutt - med garderobar for i sammar, både i Idrettshallen og på FosnaFrisk, men fortvil ikkje. Det blir trening i heile sommar med trenarar for dei yngste kvar tysdag og torsdag mellom kl. 1800 og 1900. Også på laurdagar er det tening. Då er det oppmøte på Atlanten stadion kl. 1300 - ferdig påkledd for trening! Hjelp til sprinttrening finn du her. Også andre enn Norodd-medlemar kan møte opp og trene.

(170612)

Her ser du den nye Sundbåten Framnæ med reiaren, tannlege og noroddmedlem Trond Myrhaug.

(160612)

Endeleg vart vi ferdig med Norodd-løypa. Det skjedde i dag kl. 15.10! Her har vi to av gamlekara som deltok heilt til slutt: Arvid Fjærli og Henry Opland.

(120612)

Her er Freiøya Rundt-gjengen 2012 med medhjelparar. På grunn av få deltakarar, sprang kvart lag berre halve løypa  og stoppa då vi møttest borte ved Balgavatnet. Etterpå var det bading og kos i Naustet på Viken gard med god mat og drikke og diplomutdeling!  Her finn du fleire bilete frå Stafetten.

(100612)

Betre og betre for kvar dag - no er det berre ein laurdag att, så er Noroddløypa ferdig!

(080612)

Nå er Vardeløpet for 2012 over, og her er resultatlista.

(040612)

Hugs Vardeløpet onsdag 6. juni kl. 18.00/19.00. Påmelding 1 time før start. f.v: Arnt Eilertsen, Magnhild Fiske, Oddbjørn Lomundal og Henry Opland . (Foto: A. Tøsse)

(290512)

Det er framleis liv i dugnadsgjengen i Noroddløypa i Folkeparken. Her e frå arbeidet pinsaftan. Alle treng ein matpause, med Ingjerd som kokk!

(220512)

OBS  OBS  OBS. Vardeløpet 6. juni og Freiøya Rundt tysdag 12. juni!

(210512)

Dei 4 store stafettløparane frå NM for veteranar på Jessheim 19. - 20. mai, tok gull både på 4x100 m og
4x400 m. F.v. Harald Søbstad, Gunnar Eckhoff, Arvid Fjærli og Henry Opland  (Foto: T-E. T.)

(050512)

"Norodd-løypa" i Folkeparken blir stadig lenger og lenger. I dag var ein stor gjeng av arbeideslaget hass Oddbjørn i aksjon. Omlag 200 m er ferdig av ca. 600 m. Dermed står det att mang manntimar før løypa er ferdig. Har du tid, ta kontakt med Oddbjørn. Her er nokre bilete frå i dag.

(010512)

Hurra! Nå er det mai - og dermed få du eit nytt treningsprogram her

(200412)

Nordmørsstafetten 19. april er over, med 19 lag. Her ser du resultatlista.

(070412)

God Påske med nytt treningsprogram for april.

(310312)

Innbydinga til  Nordmørsstafetten finn du her.

(150312)

På årsmøtet i Hovudlaget vart Oddbjørn Lomundal utnemnd  til Æresmedlem i Norodd. Her han saman med Helge Kruse (t.v) og Stein Ohr (t.h)

(050312)

Premieutdelinga på Friidrettsgruppa sitt årsmøte 29. februar. Foran f.v. Jørgen Stigsrud (beste gut), Ingebjørg Fossland (beste jente). Bak f.v. Odd-Egil Stokke (Ja-pokalen) og Ivar Hjelseth (beste veteran).  Det nye styret = det gamle, og du finn det her. Fleire bilete her.

(250212)

Seniorgruppa sitt årsmøte med skreikveld

(210212)

Hei, alle sammen. Nå må de vere flinke til å møte opp på ÅRSMØTET  i Friidrettsgruppa onsdag 29. februar kl. 19.00 i Noroddlokalet. I dag er Kongen 75 år, gratulerar!

(150212)

Og her er invitasjonen frå Norodd Senior. Meld deg på!

(060212)

Viktig melding: Skreikveld fredag 2. mars.

(030212)

Hei, dette er ei viktig melding for operagarderobistane. Les melding her.

(290112)

Hei. Nå kan du finne nytt treningsprogram i sprint for februar/mars her. God fornøyelse!

(190112)

Operagarderobelista ligg her.

(010112)

Godt nytt år!

(111111)

Restar av Noroddantrekk til sterkt reduserte prisar!

(011111)

Liker du friidrett og er sprintar, kan du få god hjelp av å bruke dette treningsprogrammet som du finn her.

(171011)

Haustfesten til Seniorlaget er her!!

(161011)

Stolt prisvinnar Hika Kazinic, vinnar av Frivillighetsprisen, her flankert av Oddbjørn Lomundal t.v. og Stein Ohr. Utdelinga skjedde i Nye Festiviteten fredag 9. september. Gratulerar!!!

(111011

Det er ingen grunn til å slutte treninga fordi om september er komen. Her får du treningsprogram for september og oktober.

(300811)

Den største troppen på lenge, om nokon gong, har vore i Drammen i NM for veteranar. Men
medaljehausten var ikkje like bra, så det er ikkje bestandig at kvantiteten som gjev flest medaljar. Tilsaman kom vi heim med 1 gull, 7 sølv og 6 bronse. Dermed har vi 217 gullmedaljar til saman. Her finn du resultata for Nordmørsdeltakarane. Du kan her også finne nokre bilete frå NM med "noko attåt"  Her er stafettlaga på1000 m  26. - 28.august i Drammen. Bakre rekke "ungdomslaget" i 50-årsklassen. F.v. Stein Ohr, Tron Kjønnø, Johan Aas og Johan Aas. Første rekke f.v: Emil Rødsand, Harald Søbstad, Arvid Fjærli og Henry Opland. Du kan også her finne nokre bilete frå NM med "noko attåt".

(270911)

Her kan du laste ned heile invitasjonen til Torvikbukt Rundt 2011.

(240911)

Første påminning: Seniorfesten er 4. november !!! Du som er i "senioralderen" sett av denne kvelden til FEST.

(240911)

Nå er tidspunkta klare for innetrening. På FosnaFrisk (Oddbjørn) frå laurdag 15. oktober: Utetrening frå 1300 til 1400.Innetrening 1400 til 1500. Her må du ha reine og tørre sko og tørr treningsdrakt. Nordvesthall1 kvar tysdag og torsdag frå 18. oktober kl. 1800 til 1900. Garderobe i Idrettshallen.

(040711)

Der er ingen garderobe i sommar. Oddbjørn har stengt på laurdag og Idrettshallen er stengt alle kveldar, dearmed må du skifte heime. Trening må du likvel drive med på. Her har du sprint program for heile sommar.

(110611)

Stafetten Freiøya Rundt 7. juni 2011. Omlag 20 personar var med i naustet på Viken Gard, men berre 11 personar var med å sprang. Vi delte oss i to lag på 5 og 6 personar. Nytt av året var at vi skulle springe på idealtid d.v.s tida frå førre gong pluss eit ukjent min. i tillegg. Kor stort tilleget vart trekt ut etter at alle var i mål. Dermed var det ikkje sagt at det laget som kon først i mål var vinnaren. Bestelaget sprang på 1.34,5 medan sistelaget bruka 1.38,3. Dermed kom sistelaget nærmast idealtida på 1.50,0. Etter ein kjapp dukkert, var det servering av spekmat og diplomutdeling. Fleire bilete finn du her.

(110611)

Kart over Vardeløpet 2011.

(050611)

Jørgen Stigsrud (G13) og Ingeborg Oline Fossland (J12) er tatt ut til snøballkaste-konkurranse i forbindelse med Bislet Game. Jørgen på 13 år har kaster hele 63,05 m i ball og Ingeborg 12 år  kastet 43,89 m og er dermed blant Norges beste. Bildet er fra KM i Molde siste helg og viser lørdagens pallplasseringer i andre øvelser. Fra venstre Ingrid Elisabeth  Fossland (nr. 2 i høyde J12), Jørgen Stigsrud (nr. 2 i diskos og 3 i spyd) og Ingeborg Oline Fossland (nr. 3 på 60 m). I disse klassene var det stor deltakelse med bla. 10 stk. i høyde og 15 stk. på 60 m.

(050611)   Dei nye Gullgutane frå NM stafettar i Drammen helga 28. - 29. mai. Her vart det gull både på 4x400 m og 4x100 m.

Norodd friidrett har igjen vore ute og sanka medaljar. Denne gongen var det stafettar i Drammen 28. og 29. mai. Det var ikkje all verden konkurranse, men det gjeld å stille opp! Laget vårt er i eldste laget, med ein
gjennomsnittsalder på over 79 år -  yngste var 75 år og eldste 84 år. Neste år treng vi ein ny 80-åring for å stille lag i klasse 80 år, så dersom det finnes ein eller fleire 80-åringar, så meld deg på. På biletet ser vi frå venstre Arvid Fjærli, Henry Opland, Emil Rødsand og Harald Søbstad.

(190511)

Har du venta på Treningsprogrammet for mai så finn du det her.

(180511)

Her er vinnarane av Holmenkollstafetten klasse 55+. Bak frå venstre: Anders Tøsse, Ivar Hjelseth, Leif Petter Gjerde, Gaute Bjaanes, Odd Elvanes, Helge Råket, Bjørn Fiske, Kolbjørn Hjeltvik og Stein Søbstad. Foran frå venstre: Henry Opland, Geir Aakvik, Odd Aae, Tron Kjønnø og Kjell Smevåg. (Vinnartid 66,37). Fleire bilete finn du her.

(120411)

Nordmørsstafetten er her.

(300311))

Den utsette GLEDESRUNDEN 20. mars blir, om veret tillit det, arrangert tysdag 5. april til vanleg tid.

(300311)

Er du ein av dei mange som har tenkt å bli god i FRIIDRETT, kan du få hjelp av det nye treningsprogrammet som Stein Ohr har laga for april. Men er du nybegynnar, bør du nok redusere krava i programmet litt. Programmet er nok mynta på dei som har halde på ei stund. Her finn du det!

(290311)

Bruk denne sjansen til å kjøpe remeleg treningsutstyr!

(140311)

Hei du der! Nå er det akkurat tid til å melde seg på som funksjonær til  TOPPIDRETTSVEKA 2011. Her har du linken til toppidrettsveka: www.toppidrettsveka.no  Her vil du finne skjema for påmelding, men hugs å skrive IL Norodd som lagstilhørigheit.

(140311)

Seniorgruppa har halde sitt årsmøte der Åse Irene Bakken Tøsse vart attvald for nok eit år. Wenche Stensvold, ex syklist, heldt eit interessant kåseri med fine bilete frå si karriere som syklist, og sin kreftsjukdom. Etter årsmøtet var det skreikveld, men dessverre utan det beste - nemleg lever. Her ser du nokre av bileta frå festa

(020311)

Det nærmar seg vår og dermed startar friidrettssesongen. Men det er ennå noko tid att, så viss du ikkje har fått hjelp

til treninga kan du kan du få det her. Stein Ohr har laga nytt treningsprogram for mars. Stein Ohr, Ivar Hjelseth og Tron Kjønnø reiser til EM i Gent i Belgia. (Fleire byar i Belgia!) NB. Programmet er mynta på dei som har trena ei stund!

(150211)

FRIIDRETTSKORTET er noko alle utøvarar frå 13 år og til 80 år må ha. Det har Norges Friidrettsforbund bestemt, og fordi Norodd er medlem NFIF må også våre utøvarar som skal konkurrere på bane (også trening) følgje. Det viktigaste med Friidrettskortet er forsikring på reise og i konkurranse. Vil du vite meir, kan du gå inn på www.friidrettsforbundet.no/friidrettskortet.

(090211)

Veteranane i Norodd friidrett har igjen vore på medaljefangst. Ikkje mindre enn 7 gull, 6 sølv og 5 bronse vart det. Det kunne sikkert ha blitt endå fleire om ikkje to av våre måtte melde pass på grunn av sjukdom. NM innandørs gjekk føre seg i Stangehallen ved Hamar. Her kan du sjå nokre av utøvarane i aksjon. 

Om oss

God Jul - godt Nyttår! Alle sammen.

(021010)

Norodd haddet ansvaret for kuleøvingane under UM i Molde 3. - 5. september. Her er gjengen som var med første dag.  F.v. Ingjerd Skjelvik, Stein Ohr, Gunnar Eckholm, Hika Kazinic, Odd Aae og Henry Opland.

(170910)

Gravferda til Erling Wollan

Her er nokre bilete frå gravferda til Wollan i Nordlandskyrkja. 

(140910)

Vår Grand Old Man og stiftar av IL Norodd, Erling Wollan er død, 98 år.

(200810)

Norodds friidrettsveteranar har nyleg vore i Florø på NM og gjort det ganske bra: 6 individuelle gull og 1 på 1000 m stafett. Og er her laget: 1. etappe Harald Søbstad, 2. et. Gunnar Eckhoff, 3. et. Arvid Fjærli og 4. et. Henry Opland. Gular vart nr. 2. Resultatlista finn du her.

(240310)

På årsmøtet i Hovudlaget 24. mars vart Oddbjørn Lomundal (t.h) attvald som leiar. Her gir han Gunnar Eckhoff, som nå går ut av styret, blomar, etter å ha vore sekretær i mange år.

(161209)

Erlimg Wollan

Her ser du The grand Old Man Erling Wollan - stiftaren av IL Norodd. Fleire bilete ser  du her.

(151209)

He er deltakarane frå Norodd + Jon Ingvald Håbrekke som gjekk /jogga Atlanterhavstunnelen på langs søndag 13. desember etter å ha tatt siste ferja til Bremsnes. Diplomen som alle noroddarane fekk + nokre bilete ser du her.

(081209)

Orientering om Atlanterhavstunnelen.

(101109)

Norodd feirar seg sjøl på Atlanten 7. november. Her ser du deltakarane samla etter at Svømmegruppa svømte ein time, Friidrettsgruppa sprang ein time og Sykkelgruppa sykla ein time. Svømmegruppa vant samanlagt. Til sist var det samla marsj inn til Skøytebanen til sosialt samvere med pølser, brus/kaffi/buljong. Fleire bilete ser du her.

(271009)

Sånn skal du trene start i sprint:

(221009)

Bilete frå Seniorlaget sitt haustmøte fredag 16. oktober 2009. Vi ser Sykkelgruppas siste Noregsmeistar, Jon Magnus Larsen, i klasse M14 saman med Helge Kruse. Du ser også fleire bileter frå møtet.

(240809)

Gutta Boys deltakarane i NM i Moss 21. - 23. august: Ø
yvind Wæraas, Hika Kazinic, Odd Aae, Stein Ohr. Bak f.v.: Emil Rødsand, Harald Søbstad, Ole Roald Torset, Aure, Arvid Fjærli og Henry Opland. Resultat: 7 gull, 2 sølv og 5 bronse. Resultata til Norodd finn du her.
.

(190809)

Noroddtrening.

Sånn såg det ut på første kveld på den nye Noroddtreninga.

(060809)

Denne karen har igjen deltakar i VM for veteranar i Lahti i Finland. Øvingane var 10-kamp der han vart nr. 4, og i høgde der han vart nr. 2. Enkeltresultata finn du her.

(200609)

Her er stafettlaga som sprang Freiøya Rundt 9. juni. Foran f.v: Grete Sevaldsen, Inger Aarsund, Oddbjørn
Lomundal, Geir Aakvik og Ivar Hjelseth. Bak f.v:  Inger Bjørnå, Stein Ohr, Hika Kazinic, Geir Roesen, Kristin, Ole Vik, Arvid Fjærli, Odd Aae, Kjell Smevåg og Henry Opland. Etter på var det samling i Viken naustet.  

(310509)

NM stafettar for veteranar i Strandebarm. 2 gull!!! Fleire bilete finn du her.

(200509)

Holmenkollstafetten 2009.  Resultat nr. 2 med 65,48 som er 2 min 9 sek dårlegare enn i fjor. Fleire bilet finn du her.

(030409)

Leiarane i Idrettslaget Norodd. Foran Oddbjørn Lomundal (Hovudlaget) F.v. Erling Meese (forretningsførar noroddhuset), Terje Kvisvik (Svømmegruppa), Jan Frode Helmersen (Sykkelgruppa) og Ole Vik (Friidrettsgruppa).

(231108)

Her er vår alles kjære Stein Ohr som nettopp har fylt 60 år. Her saman med 60 roser frå Friidrettsgruppa. Stein til venstre! Fleire bilete finn du her.

(291008)

Norodd senior fylte 50 år 24. oktober. Her ser dykk deltakarane på festen. Fleire bilete finn du her.

(090808)

Dei sju muskuterane som fullførte Banemaraton på Atlanten stadion 7. oktober. F.v. Anders Tøsse, Leif Feøy, Leif Eriksen, Helge Fugelseeth, Tormod Hansen, Bård Rødde og Inge A. Haugen. Fleire bilde finn du her.

(180808)

16 gull 6 sølv 3 bronse! Dette var medaljehausten i NM for veteranar i Tøsnberg 15. - 18. august. Resultata finn du her, men bilda finn du her.

(030308)

Norodd nådelaus i Nordekom heim frå Island med 9 gull!   Her er gjengen + Hedvig Søbstad som var i Røykjavik og sanka medaljar i Nordisk Veteranmeisterskap innomhus i Laugardalshöll. F.v.: Hedvig,  Harald, Stein, Arvid, Hika, Emil og Henry. Til saman vart det 9 gull og 2 sølv. Den mestvinnande var Harald med 3 gull og 1 sølv. Ikkje langt etter kom Stein med 2 gull individuelt og 1 gull i stafett. Resultata i klassane Norodd deltok i finn du her.

(151107)

Sissel har arrangert idrettsdag for teningsgruppa si (og Eirik). Her finn du fleire bilete derifrå.

(131107)

Her er nokre bilete frå innetreninga vår ein laurdag på Fosna Frisk.

(171007)

5 personar fullførte maraton på Atlanten stadion i går kveld. Her ser dei. F.v. Leif Eriksen, Bård Rødde, Anders Tøsse, Inge Asbjørn Haugen og Tormod Hansen. Her er fleire bilete.

(090907)

Hurra !! Norodd har fått sinførste Verdsmeistar i dag. Harald Søbstad, 75 år, vart verdsmeistar i høgde med eit hopp på 1,42 m.  Dette var under VM for veteranar i Riccione Italia der han vart nr. 4 i 10-kamp. I tillegg til høgde der han vart nr. 1 så vart han nr. 3 i tresteg.  Bra gjort Harald.

(090807)

Det er lenge til 29. februar 2008, men likevel er invitasjonen til Nordisk Veteranmeisterskap på Island komen. Du kan finne han her.

(010807)

Veteranserien per 1. august 2007 ligg her.

(310707)

Her har vi sjefsdama Sissel som er trenar for 25-30 andre damer. No har ho laga nytt treningsprogram som du finn her.

(310707)

Kem er denne gjengen, kor og når er bildet tatt?  Gi tilbakemelding! Stein påstår at det manglar ein person på bildet. Veit du kem det er?

(080707)

Ein av Norodd sine eldste medlemar, Ludvig Williamsen, fylte 90 år på tysdag 17. juli. Ein gjeng av eldre noroddmedlemar var og besøkte han på Barmannhaugen.. Her ser du dei.

(020707)

Helga 27. juni - 1. juli var to av noroddveteranar i Aarhus i Danmark på Nordisk Veteranmeistarskap. Dei to var Odd Aae og Henry Opland. Resultat og fleire bilet finn du her. Fint baneannlegg, ikkje sant? 

(190607)

Her ser du sommaravslutninga på Viken gard med  stafett rundt Freiøya, og god mat og drikke etterpå. Bading vart det også tid til for nokre. Fleire bilete ser du her.

(180607)

Ein del av noroddveteranane  var på Askøy utafor Bergen 15. - 17. juni for å delta i MN for veteranar. Her ser du gjengen, og resultata finn du her.

(130507)

Her er holmenkollgjengen som vann klassen sin. Her ser du også fleire bilete.

(260307)

Endeleg er styret i Friidrettsgruppa fulltallig. I kveld fekk vi styreleiaren på plass. Det vart Kurt Eilertsen. Resten av styret ser du her.

(180207)

Gratulerar med 95-årsdagen! Her har vi den einaste gjenlevande av stiftarane av IL Norodd. Erling Wollan (f. 18.02.1922) feira bursdagen med stor festivitas heime hos seg sjøl 18. februar.

(071106)

Trass i sterk vind og sur nedbør, vart det gjennomført ein historisk BANE-maraton på Atlanten
stadion i Kristiansund i kveld. 3 løparar fullførte heilmaraton med over 100 rundar på banen. I tillegg var det fleire som sprang halvmaraton, 10000 m, 5000 m og 3000 m. Bilder frå seansen kan du finne her.

(051107)

Her kan du sjå resultata frå Seniorgruppas haustfest, men då må du trykke her.

(21102006)